mandag 9. november 2009

Krossen

Har nettopp lest eit tankevekkande innlegg på denne bloggen. Innlegget handlar om det å ikkje ville ha noko med Jesu kross å gjere.

For oss som er kristne er krossen så viktig, at utan den ville det ikkje vore noko kristendom. Utan krossen er trua mi utan meining. Utan krossen finst det ikkje noko håp for æva. Heldigvis er vi ikkje utan krossen!




Det er eit uttrykk som heiter "å klynge seg til krossen". Dette syns eg er eit godt uttrykk. Med uttrykket meinast det ikkje å klynge seg til tortur-reiskapen "kross", men til den nåde, kjærleik og tilgjeving som Jesus gjev til alle som kjem til han med syndene sine og legg seg ned for Jesu føter. Det er mange menneske som har døydd på ein kross, og det er ikkje nåde i trestokkar, like lite som det er nåde i den elektriske stol eller i giftsprøyter.

Nåden er hos Jesus. Jesus vart hengt på eit kross. Der døydde han, og sona alle våre synder. På krossen såg han sjølve helvete i kvitauget, og møtte alle dei pinsler og straffer som eg skulle møtt. På krossen gav han livet sitt. Eit liv som var heilagt og syndfritt. Han gav livet sitt, og alt var for mi og di skuld!

Så når eg seier "eg vil klynge meg til krossen", meiner eg at eg vil klynge meg til Jesu kross. Eg vil klynge meg til Jesu forsoning.

I dag er krossen tom. Krossen som Jesus hang på eksisterar ikkje lenger. Tømmeret er gått i oppløysing og tilbake til molda. Men det Jesus gjorde på krossen vil aldri gå tapt. Aldri!

Eg trur på ein tom kross. Eg trur på ein levande frelsar. Eg trur på ein nådig Gud. Eg trur på ein Gud som elskar meg så høgt, at han gjekk i døden for meg. Eg trur på ein evig himmel. Hos Jesus.

Så kan liberale teologar og ikkje-kristne seie kva dei vil om krossen.

Ingen kan ta vekk Jesu død.
Ingen kan ta vekk Jesu oppstode.
Ingen kan ta vekk Jesu nåde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar