
Ein forkynnar, det vere seg prest, emissær, misjonær, ungdomsleiar eller kven som helst andre som fortel og tolkar Guds ord til andre, må altså streve etter å tale i samsvar med Bibelen. Å putte delar av det som er politisk korrekt, litt av slik ein sjølv syns det burde vere og litt av det ein trur folk har lyst til å høyre inn i forkynninga, vert feil. Då kludrar ein det til, og forkynner det Paulus kallar eit falskt evangelium i Gal 1, 6-9, som er den andre preiketeksten i dag:
Det undrar meg at de så raskt vender dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og til eit anna evangelium. Men det finst ikkje noko anna; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, forbanna vere han! Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, forbanna vere han!
Det er altså alvorlege ting det handlar om, Paulus er ikkje nådig mot den som forkynner falskt. Det er heller ikkje Jesus. (Les for eksempel Mark 9, 42, om det å føre andre til fall)
Ein som forkynner, må difor gjere alt han kan for å tale så sant og riktig han kan, og tale i samsvar med Bibelen. Kristendomen er altfor viktig til å bli skalta og valta med, etter eige forgodtbefinnande. Å ta vekk det som ikkje passar, eller legge til ting som ein helst hadde sett var der, går ikkje i hop med ekte kristendom. Og det å forkynne berre halvparten, slik at tilhøyrarene får ei kvasi-tru

"Viss kristendomen er falsk, har den ingen ting å seie. Viss den er sann, er den uendeleg viktig. Kristendomen kan ikkje vere passe viktig." (C.S. Lewis, mi oversetjing)
Er det nokon som vil seie at eit halvrote eple er god frukt?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar