mandag 19. desember 2011

Ringenes herre

Eg er den type menneske som kunne hatt følgjande tekst på gravsteinen: "Boka var betre"... Mykje fordi det er sant, men også fordi eg er glad i bøker, og har brukt relativt lite tid av livet mitt på å sjå film. I tillegg kan det hende eg er eit bittelite snev av kultursnobb? Det er så mange faktorar som spelar inn.

Sjølv om eg har sett lite film, har eg sett nokre. Tre av dei filmane eg så avgjort har sett, er trilogien om Ringenes herre. Filmane kom ut med eitt års mellomrom, og det kom ut ein kvart av dei tre åra eg gjekk på lærarskulen. Eg gjekk og gledde meg til kvar einaste ein, og var fascinert av historia. Bøkene stod i bokhylla, men vart ikkje lesne av meg. Nina las dei, men eg kom aldri så langt.


Av den grunn bestemte eg meg i haust for at eg skulle lese meg gjennom serien. Eg begynte med "Hobbiten", og las så Ringenes herre-trilogien. Og nok ein gong må eg seie: Bøkene var betre... I all rettferd må eg då skyte inn at det altså er nesten ti år sidan eg såg filmane, så eg har gløymt det meste av dei. Kanskje eg bør sjå dei no i vinter, berre for å få eit riktig samanlikningsgrunnlag?

Det som i alle fall er sikkert, er at det er ein del ting i bøkene som er utelatt i filmversjonen. Dette er ganske logisk, i og med alle begrensningar som eit filmmedium har, både når det gjeld verkemiddel og tid. Kven hadde vel orka å sjå ein fire timar lang film om Ringens brorskap?


Ei av dei rollene som verkeleg fascinerte meg i boka, var fyljesvennen Sam. Eit godt eksempel på alt det gode eit trufast venskap fører med seg. Kva hadde vel Frodo kunne utrette utan denne gode venen? Og så er jo sjølvsagt rollefiguren Gollum interessant, men då av ein heilt annan grunn. Ein gong var han ein normal og oppegåande person, som levde livet sitt saman med familie og vener. Så fann han Ringen, herskarringen, med inskripsjonen:  
 
Én ring skal samle dem, 
én ring skal finne dem, 
én ring betvinge dem 
og i mørket binde dem.

Ringen øydela han, gjennom mange mange år. Ringen gav han eit langt liv, samtidig som det øydela alle menneskelege trekk og gjorde at det einaste han brydde seg om, var ringen. 

Då Gollum fyljer etter Frodo og Sam, og Frodo klarar å fange han, drep dei han ikkje. I staden viser dei omsorg for han. På den måten får dei eit slags tillitsforhold, og Gollum kan hjelpe dei vidare på reisa. Den same haldninga kan vi lese om i "Hobbiten". Der møter vi Bilbo, onkelen til Frodo, som finn ringen nede i hola til Gollum. Bilbo kunne også tatt livet av Gollum, men sparar han. Den vise trollmannen Gandalf seier at det er denne miskunnen som er grunnen til at Bilbo ikkje vart øydelagt av Ringen.





















Og når vi nemner Gandalf, begynner vi å nærme oss kjernen i forteljinga. I alle fall det EG meiner er kjernen. Tolkien uttalte at han ikkje la nokon føringar for tolking av historia, men lot det vere opp til kvar enkelt lesar å leggje inn i historia det ein ville. Han ville først og fremst fortelje ei god historie (Noko eg meiner han lukkast veldig godt med...)

I den første boka, Ringens brorskap, møter vi Gandalf Grå, som er den klare leiartypen. Han fører Ringens brorskap på den rette vegen, og veit som regel ein utveg på dei fleste problem. Slik eg ser det er han et symbol på Jesus. Frodo, ringbæraren, kan også sjåast på som eit symbol på Jesus. Han ber med seg ringen heile den lange vegen til Dommedagsjuvet, der ringen vert øydelagt og verda befridd for den onde Sauron. Likevel haltar han mykje som symbol, mest fordi han, når det kjem til stykket, nektar å gje frå seg ringen. Også han vert dregen mot den makta ringen kan gje, og vert undervegs litt for knytta til den. Jesus på si side, så langt vi kan lese i Bibelen, kom aldri til det punktet at han nekta å utføre den gjerninga han kom til jorda for å gjere. Sjølv om han var redd, og ba om å få sleppe (slik også Frodo gjorde i forteljinga), gjekk han frivillig heile vegen, og stoppa aldri. Frodo gjekk berre nesten heile vegen. Det måtte eit endå meir øydelagt vesen, Gollum, til for å øydeleggje ringen i flammane, og det var grådighet, ikkje kjærleik, som førte til fullendinga av oppdraget. I Jesu tilfelle var det kjærleik som førte til fullendinga.




















Tilbake til Gandalf som, ved sidan av Frodo og Aragorn, er ein hovudperson i forteljinga. I første bok er han altså Gandalf Grå, ein mektig, men ikkje den mektigaste, trollmannen i forteljinga. Han fører brorskapet inn i Moria, dei gamle dvergholene. Der møter han eit gedigent uhyre, og i forsøket på å berge venene sine frå dette uhyret, vert han dregen med ned i avgrunnen, og venene må reise vidare utan han. Dei reknar han som død. I bok to, To tårn, kjem Gandalf tilbake. No er han Gandalf Kvite, og er blitt den mektigaste trollmannen. Han "kom tilbake frå døden", som det står i forteljinga. Han går gjennom ein kamp på liv og død med det store uhyret, gjennom vatn og eld. Til slutt vert han liggjande forlatt øvst i eit høgt høgt tårn. Uhyret er død, men han ser ingen håp om redning for seg sjølv. Likevel vert han redda, og framstår etterpå som den største autoriteten.

På bildene over ser vi dei tre mektigaste kreftene i forteljinga. Til høgre er tårnet i Mordor, der Sauron sitt auge speidar utover landet. Til venstre står Gandalf på trappa til Sarumann sitt tårn, Orthanc. Entane, svære levande tre, har okkupert Sarumann sitt rike, og no sit han fengsla i tårnet. (Her avvik filmane noko, sidan dei legg inn ein direkte kamp mellom Gandalf og Sarumann, medan i bøkene er det snakk om eit reint ordskifte mellom dei to, ute på trappene. Sarumann sin styrke hadde alltid vore stemma, som kunne overbevise og leie fiendane til å gjere det han ville. I konfrontasjonen på trappa overvinn Gandalf Sarumann, og knekker det siste han har av makt)

Etter dette ser vi Gandalf som ein lysande leiar. Han er her eit klart symbol på den oppstandne Jesus, som er gitt all makt i himmel og på jord.


Den tredje hovudpersonen i boka, er Vidvandre, alias Isildurs arving, alias Aragorn, alias kong Elassar. Han er ein noko mystisk skikkelse, som ein ikkje heilt vert klok på. I starten framstår han meir eller mindre som ein litt skummel omstreifar, men etterkvart står han fram som den nye og rettmessige kongen av riket. Også han kan vere eit symbol på Jesus. Først ein ganske anonym og ukjent person, men som etterkvart viser sitt sanne ansikt. Aragorn står fram som ein stor leiar i krig og ein god konge. Jesus var aldri nokon krigsleiar, og gjer det klart at hans kongerike er av ei anna verd. Slik sett skil dei seg stort frå kvarandre, likevel er altså maktprogresjonen den same, og Aragorn fungerar som symbol.

Det som kanskje fascinerar meg mest med J.R.R. Tolkien sitt storverk, er kor detaljert og nøye gjennomtenkt alt er. Riket han diktar opp, Middle earth, er ikkje berre sausa i hop på tilfeldig vis. Han har laga ei heilt eiga verd, med eigne språk, ei eiga historie og ei eiga verkelegheit. Ein forstår, etterkvart som ein les seg ut i historia, at Tolkien måtte bruke så mange år som han faktisk gjorde på å få verket ferdig. Han var språkprofessor, og la mykje energi ned i bøkene sine. Alle detaljar og geografiske/historiske hendingar stemmer overeins!


Ta for eksempel kartet over Middle earth. Det er detaljert, og medan eg las kikka eg på kartet og kunne sjå for meg dei ulike delane i forhold til kvarandre. Og så er det ekstra kjekt at også "Hobbiten" føregjekk i det same landskapet. Dermed vert verket meir heilskapleg, og ein sit igjen med eit verk som kunne vore ei historisk bok. Hadde det ikkje vore for alt det overnaturlege som skjer, og at ein veit det er oppdikta...

Eg anbefalar i alle fall andre leseglade til å ta seg tid til å lese gjennom desse bøkene. Det er vel brukt tid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar