
I søndagens
bibeltekst får vi ein av dei beste illustrasjonane på forskjellen mellom Jesus,
den eine levande Gud, og alle dei religionane og livssyna vi menneske opp
gjennom tidene har konstruert og trudd på. Nesten utelukkande inneheld
religionane lovar og reglar som må oppfyllast for å oppnå frelse eller evig
liv. Slikt har det dessverre vore ein god del av innan kristendommen også. Vi
menneske har omgjort Jesu lære til ein religion, som på mange måtar kan
sidestillast med islam og jødedom. Og dessverre har mange problem med å
forklare kva den store forskjellen ligg i.

Så ein
morgon møter han att Jesus. Meisteren sit på stranda, ved eit bål. Peter har
vore ute og fiska, og stig no i land og går for å møte Jesus. Kanskje er han redd for kva han vil møte?
Kanskje Jesus vil nemne det store sviket, og stille han til veggs. Eg trur Peter
er ganske nervøs medan dei et. Så kjem vi til søndagens bibeltekst:
Då dei hadde halde måltid, seier
Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?»
«Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø
lamma mine!» Og han seier til
han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara
Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!»
Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du
meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg
kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus
seier til han: «Fø sauene mine! Sanneleg,
sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit
du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal
binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han
hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!» (Joh 21, 15-19)
Jesus nemner ikkje Peter sitt store fall med eitt ord, men han gir han
sjansen til tre gonger å erklære sin kjærleik til Herren. Like mange gongar som
han fornekta og sveik. Etterpå får Peter endå ein gong kallet frå Jesus: “Følg
meg!” Det er som om Jesus seier: “La oss gå tilbake til start. La oss gløyme
alt det vonde som har skjedd, og gå vidare i lag. Eg har gløymt alt!”

(Teksten stod først på trykk i Suldalsposten si spalte "Helgetankar", tidlegare i dag)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar