fredag 27. april 2012

Å slenge med døra

Av og til er det eit effektivt verkemiddel. For barn er det ein klar måte å seie frå på. No er eg eg sur, ligg unna! Også for oss vaksne er det fristande å smelle med dørene, rope og skrike. Kanskje gjer vi det altfor sjeldan, for det er, etter det eg kan hugse, ein god måte å få ut aggresjon på.

Likevel gjer vi det ikkje så ofte, for det er ikkje så effektivt. Viss eg er misfornøgd med korleis politikarane styrer landet vårt på (som eg av og til er), ville det ikkje gjort store forskjellen om eg skrudde av radioen, trampa ut av stova og smelte att døra. Det finst vel ikkje eitt menneske som ville brydd seg om det, bortsett frå at eg kanskje hadde skremt borna.

Av den grunn er det godt å sjå at det av og til vert lagt merke til når folk smeller att døra etter seg. I Vårt Land kan vi lese om Torill Heggen Munk som forlet SV i protest. SV har nemleg snudd heilt om i spørsmålet om tidleg ultralyd. Eg tippar dette er ei hard nøtt å svelje for mange SV-arar, og for nokon vart det altså for mykje. Dei melder seg ut av partiet i protest, og det er godt det vert oppslag i media når det skjer.

Det er ikkje berre Munk og hennar meiningsfeller i SV (som for eksempel Kristin Halvorsen) som er skuffa over vedtaket. Også vi som sympatiserer med andre parti, men har følt at vi har hatt ein alliert i SV i denne saka, føler det heile som eit svik.

Eg ynskjer ikkje at sorteringssamfunnet Noreg skal få eit endå sterkare våpen i kampen mot "det unormale". Med SV sin snuoperasjon trur eg kampen mot tidleg ultralyd er tapt, i alle fall kan det verke slik. Det er utruleg synd. Litt for oss som ynskjer eit samfunn der alle typar menneske er velkomne, litt for alle dei med handicap og utviklingshemmingar, som på denne måten får eit tydeleg negativt signal frå samfunnet. Men aller mest for dei som på grunn av dette står framfor ei nådelaus sortering: Er eg god nok til å bli født, eller skal eg "fjernast" som ei mogleg samfunnsbelastning, eit økonomisk drivanker, ein hemsko for dei to som eg burde fått botnlaus og ubetinga kjærleik frå.

Eg smell att stovedøra i protest. Ein fortvila liten drope i havet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar