fredag 23. november 2012

Israel vs Gaza

Dette blogginnlegget er først og fremst til min gode kollegakamerat Eskil, som, har det vist seg, har eit noko anna syn på konflikta mellom Israel og Gaza/Hamas enn det eg sjølv har. Og det er sjølvsagt heilt ok for meg, eg likar å få diskutere litt!

I dag dukka denne karrikaturstripa opp på facebookveggen min:

... og slikt kan ein jo ikkje la stå ukommentert! (Og sidan eg treng litt meir plass enn det ein gjennomsnittleg facebookbrukar gidd å lese, skriv eg heller her...)

Eg kommenterer i punkt...:

1) I rute 1 til 3 sender Israel mengder med fly og rakettar over Gaza, og så kjem det, ganske så uskuldig, ein pitteliten rakett tilbake. Det er god karrikatur for å formidle det eg forstår er teiknaren sin agenda, men ganske dårleg som skildring av dei faktiske forhold. Spørsmålet er: Kvifor bombar Israel på Gaza? Er det fordi dei ynskjer å okkupere landstripa, fordi dei hatar palestinarar eller fordi dei er eit spesielt krigshissande folk? Nei. Eg trur i botn og grunn at Israel har null interesse av Gaza. For ein del år sidan tvang dei til og med sine eigne folk, israelarar som var busette på Gaza, til å flytte innanfor grensene av Israel. (Av ein eller annan grunn tåler nemleg ikkje palestinarar at det bur andre folkegrupper på deira jord.) Etter det slutta Israel sine interesser for Gaza. Hadde Hamas latt vere å sende rakettar mot Israel, er eg ganske sikker på at det heller ikkje hadde kome bomber andre vegen.

2) Dei siste tolv åra (sidan 2001) har det blitt skote over 12 000 (TOLV TUSEN!) rakettar frå palestinsk område inn over Israel. Det er med andre ord ikkje snakk om ein ussel pinglerakett mot eit regn av bomber andre vegen. Så kan ein spørje: Kvifor er det då så mange fleire døde palestinarar enn israelarar? Her er i alle fall litt av grunnen: Den israelske staten har brukt milliardar av dollar for å utvikle rakettskjoldet Iron Dome, som dei brukar til å skyte ned rakettar som vert sendt mot tettbygde strøk. Dermed vil dei fleste av desse ikkje nå fram. For det andre har dei eit godt utvikla registreringssystem, som varslar om kommande rakettar så pass tidleg at folk rekk å komme seg i bomberom før den slår ned. Israel brukar store midler for å beskytte den sivile befolkninga. Hamas, på si side, har plassert fleire av rakettrampene sine på sjukehus, skular og i tettbygde strøk. Hadde Israel reagert spontant og bomba alle dei stadene Hamas skyt rakettar frå, hadde det gått med utruleg fleire menneskeliv enn det som er tilfelle i dag. For Hamas er det å kunne vise til sivile drepte eit godt propagandamål. Litt forskjell på Israel og Hamas, ja.

3) Den såkalla blokkaden av Gaza er også eit poeng her. Det heile vert litt merkeleg for oss som fyl litt med også i utanlandske aviser, og andre kjelder enn norske journalistar. Vi veit at det dagleg går trailerlass på trailerlass med varer inn på Gaza. Lasta vert kontrollert, sjølvsagt. Eit kvart ansvarleg land ville gjort det same, særleg når dei veit at dei som styrer er svært interesserte i våpen, og då våpen som skal brukast mot nabolandet. Men alt som er vanlege forbruksvarer går gjennom. Kva bruker palestinarane då smuglartunellane til, hovudsakleg? Ein del vanlege varer vert nok smugla inn, i tillegg til teknologi (Det er ikkje lenge sidan media meldte at butikkar på Gaza solgte den nye iPhonen, og i god tid før den var i salg i Israel!) Likevel trur eg nok at våpensmugling er ein stor grunn til tunellane, og det viser då også den enorme evnen til å produsere våpen, trass i dei grundige grensekontrollane. Ein kan ikkje bygge 12 000 rakettar av sand og salami.

4) Kanskje det viktigaste punktet: No må ingen tru at eg ikkje har sympati med palestinarane. For det har eg! Problematikken med 1948, då mange måtte flykte frå eigne heimar, er ikkje enkel. Det er heller ikkje enkelt å vite kor dårleg flyktningane vart tekne imot av Jordan, som den gongen var ein ganske fersk, palestinsk stat. Jordan brukte, heilt bevisst, flyktningane som ei brikke i spelet for å svekke Israel. Dei internerte dei i eigne, kummerlige leirar, også dei som ynskte å starte nye liv i landet. Dermed vart dei buande i leirar, og mange gjer det den dag i dag.

Eg har også sympati med palestinarane på grunn av den utsette posisjonen leiarane deira har sett dei i. Dei vert utsett for propaganda på skulane, der mange lærer å hate Israel, og Hamas brukar dei, som tidlegare skrive, som levande skjold i kampen mot Israel. Eg trur dei aller fleste i bunn og grunn er fredelege menneske som ynskjer å leve i fred med familiane sine.

5) Eg meiner ikkje at den isralske staten er feilfri eller skuldfri. Dei må bere sin del av skulda, og ansvaret for å skape fred. Men enn så lenge er det eitt pittelite land, omgitt av folk som ikkje er så overbegeistra for at dei er der. Det er leiarane sin rett, og absolutte plikt, å verne om sine eigne innbyggjarar. Eg veit i alle fall: Hadde eg budd på ein stad der eg måtte leve i konstant frykt for potensielle rakettar frå eit uberekneleg nabofolk, hadde eg krevd at styresmaktene gjorde noko.

Aller helst framforhandle fred, viss det hadde vore mogleg.

Vel, det var nokre av dei tankane eg har om denne konflikta. Eg har endå fleire enn desse også, så eg tek gjerne imot saklege innvendingar og kommentarar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar