Tida før nyttår er typisk kavalkadetid, og tid for å oppsummere året som har gått. 2012 har vore eit år med mykje lesing (som alle år...) og her er ti av dei beste bøkene eg har lese, i tilfeldig rekkefølgje:
Aarons maskin av Sverre Knudsen. Meir om boka her.
Erobreren av Conn Iggulden. Siste boka i serien om Djengis Khan og etterkommarane hans. Denne boka handlar om Kublai Khan. Ikkje så mykje om erobringa av det store kinesiske riket (sjølv om det første, store forsøket spelar ei viktig rolle i boka), men meir om vegen fram til makta. Ei spennande bok, og ei god avslutning på ein flott historisk romanserie.
Meir om dei andre bøkene i serien her.
Hockeysveis fører til dårlige rim av Siv Wyller. Ei snodig og artig bok! Meir om boka her.
Høsten av Jan Henrik Nielsen. Dystopisk bok, dyster og mørk, men veldig bra skrive. Meir om boka her.
Reisen til Malacandra av C.S. Lewis. Ei bok som set tankane i sving og gir eit større perspektiv på livet. Meir om boka her.
Livet - skapelse eller tilfeldighet? av Kjell J. Tveter. Ei naturvitskapleg bok, som først og fremst tek for seg korleis cellene i kroppen vår er bygd opp og fungerer. Her er detaljrike forklaringar på korleis DNA vert kopiert, transportert og brukt til å bygge opp protein i kroppen. Også fleire andre cellefunksjonar vert grundig omtala. Til saman teiknar desse skildringane og forklaringane eit bilde av eit så komplisert maskineri at det er heilt umogleg å tenkje seg at livet har oppstått av seg sjølv eller ved ein tilfeldighet. Dette er boka som Charles Darwin skulle lest (og sikkert hadde elska!) og dermed spart oss for mykje snodig naturvitskapleg ynskjetenking frå forskarar som skyv matematikken under teppet i forsøket på å eliminere Gud.
No har eg, som naturfaglærar, ei dobbel interesse av boka. Men også andre kan ha stor nytte av å lese den!
Nærmere høst av Marianne Kaurin. Trist og vakker bok om ei jente som opplever jødedeportasjonane frå Oslo i 1942. Vel verdt å lese! Meir om boka her.
Om forlatelse av C. S. Lewis. Essaysamling som omtalar mange ulike tema, og som vanleg set Lewis tankane i gong og skapar store perspektiv over problemstillingar vi ofte har eit noko einspora syn på.
Skippy dør av Paul Murray. Denne kolossen av ei bok er både trist, humoristisk, tankevekkande og snodig. Vel verdt dei timane det tek å lese seg gjennom! Meir om boka her.
Noen kjenner mitt navn av Lawrence Hill. Dette er ei bok av den typen eg likar aller best: historiske romanar. I boka møter vi ei kvinne som vert sendt som slave til USA, og tek for seg hennar liv og kamp for fridom. Rett og slette ei fantastisk (og hjerteskjærande trist) bok, som bør lesast! Meir om boka her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar