Då han hadde tenkt
ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa:
«Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di.
For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»
Matt 1, 20b-21
Namnet
der stig eit lys
bak horisonten,
der går eit ord
frå aust til vest
sakte, så sakte
vert verda lysare
og over skodda
ser du konturane tre fram
gjennom veggen
av dine eigne tårer
er det lyden av eit namn
du høyrer;
Immanuel, vår Gud
er med oss,
og håpet kan stige
som ei sol i hjarta -
onsdag 31. desember 2014
Den beste musikken i 2014
I følge meg...
Ti album eg har høyrt mykje på det siste året. Dei fleste artistane har eg høyrt mykje på tidlegare, men her er også eit par-tre nykomlingar i "favorittartist-hylla" mi.
1) Crowder - Neon Steeple
Tidlegare frontfigur i David Crowder Band gav ut sitt første soloprosjekt, og både lydbilde og songtekstar er i nær slekt med det eg har høyrt frå før. Altså: Bra musikk!
Favorittsong: This I know
2) Disciple - Attack
Dette er eit band eg har høyrt veldig lite på før, men som eg har fått augene opp for dette året. Hardtslåande rock, og svært gode tekstar. Nokre av dei kunne gått rett inn i salmeboka!
Favorittsong: Unbroken
3) Guardian - Almost home
Storhetstida til dette bandet var på midten av 90-talet, altså i mi eiga ungdomstid. Med album som Swing Swang Swung og Buzz slo dei seg opp då, men etter mi meining er dei like gode fortsatt.
Favorittsong: Little things
4) Kings Kaleidoscope - Becoming who we are
Dette bandet er ein nykomling, i alle fall for min del. Det er ganske spennande instrumentering, og flotte songar!
Favorittsong: Felix culpa
5) Lecrae - Anomaly
Ein gamal og god kjenning. Rap på sitt beste. Punktum.
Favorittsong: Give in
6) Needtobreathe - Rivers in the wasteland
Flott sørstatsrock, med fengande melodiar og gode tekstar.
Favorittsong: Rise again
7) Newsboys - Hallelujah for the cross
Newsboys har holdt på sidan 80-talet, og er no på sin tredje vokalist. Og det er ingen ringare enn Michael Tait (tidlegare DC Talk)! Denne plata er nyskapande, sjølv om songane er gamle. Klassiske kristne perler har her blitt ikledd Newsboys sine klede, og resultatet er ei melodiøs og vakker salmeplate, med litt utradisjonelle arrangement.
Favorittsong: His eye is on the sparrow
8) Peter Furler Band - Sun and shield
Tidlegare vokalist i Newsboys, Peter Furler, har sett saman eit nytt band, og debutplata er fengande og meir typisk Newsboys enn Newsboys sjølv...
Favorittsong: Jeshua
9) Remedy Drive - Commodity
Eg hadde ikkje høyrt om bandet før i haust, då dei spelte på KRIK cup & konsert på Vikeså. Eg likar godt bodskapen i denne siste plata deira, som er ei plate mot slaveri og menneskehandel.
Favorittsong: Take cover
Bilete frå konserten på Vikeså her.
10) Thousand Foot Krutch - Oxygen: Inhale
Siste album på lista er frå det canadiske bandet TFK. Høyrt det før, likt det før, likar også denne. Hardrock, med livsnære og trusstyrkande tekstar.
Favorittsong: Born this way
I tillegg til desse har eg sjølvsagt høyrt på annan musikk i året som gjekk. På mange plater er det kanskje ein eller to songar som festar seg ekstra godt, og som eg høyrer meir på enn dei andre. Her er ei liste med dei ti beste songane frå denne type album:
1) MercyMe: Flawless
2) Ellie Holcomb: I place my hope
3) House of heroes: Hide
4) Tenth Avenue North: For those who can't speak
5) Steve Taylor & the Perfect Foil: A life preserved
6) Darrell Mansfield: I am not alone
7) Casting Crowns: You are the only one
8) Mxpx: Let it happen
9) Nine Lashes: Lights we burn
10) Sanctus Real: Head in the fight
Desse ti songane, saman med favorittsongane mine frå dei ti albuma, kan høyrast på denne spotify-lista. Kanskje finn du noko du likar, også?

søndag 28. desember 2014
Dei ti beste bøkene i 2014
Året går mot slutten, og lista over leste bøker i 2014 er snart ved enden. Heile lista kan sjåast i fana "Bokormens leseliste" over her. Dei følgande bøkene er dei ti bøkene eg hadde størst glede av å lese, eller dei bøkene som gav meg mest. Rekkefølgen er ikkje prioritert.
1) Ildefonso Falcones: Barfotdronningen
Eg har stor sans for Falcones sin omstendelege og detaljrike måte å skrive på. Boka er lang - desto meir tid til å glede seg over forteljinga! På kjøpet får ein innsikt i ein del av spansk historie eg visste lite om frå før. Sidan Falcones er historikar, er han grundig med researchen, og vi som lesarar kan vere rimeleg sikre på at ramma rundt forteljinga, sjølv om personar og hendingar er oppdikta, er henta frå den reelle historia. I denne boka er det den spanske minoriteten Gitano-folket vi får nærare kjennskap til.
2) Frode Grytten: Brenn huset ned
Eg har ikkje verdas største kjennskap til dei klassiske rockefenomena, men sit att med litt meir kunnskap om gruppa Clash etter å ha leste denne fascinerande boka til Frode Grytten. Han tek utgangspunkt i bandmedlemene, og fortel historia ut frå deira synsvinkel, og synsvinkelen flyttar seg frå person til person. Viss vi legg saman historia dei ulike personane fortel, får vi til saman eit ganske heilskapleg bilde av korleis Clash kom til, vegen til toppen på hitlistene og fallet som førte til oppløysing av gruppa. Ei fascinerande bok!
3) Julie Orringer: Den usynlige broen
Eg har sansen for historiske romanar, og når eg tel over, ser eg at det er sju av dei på denne lista med ti bøker. Det seier vel sitt...
I boka "Den usynlige broen" får vi nærare kjennskap til dei ungarske jødane si historie under 2. verdskrigen. Dei var lenge skjerma av ei nazivenleg regjering som samarbeidde med Hitler-Tyskland. Dermed rykte ikkje Tyskland inn i landet før mange år inn i krigen. Dette førte til at jødane lenge klarte seg relativt betre i dette landet enn i nabolanda. Men livet er ikkje enkelt av den grunnen. Grunnen er i ferd med å synke under beina på hovudpersonane, og det gjeld å finne ein veg å overleve den komande katastrofa. Spennande og lærerik bok!
4) Veronica Roth: Divergent-trilogien
Spennande og tankevekkande fantasy. Eg har tidlegare anmeldt bøkene, og teksten kan du lese i Skuledagboka.
5) Torborg Igland/Amund Hestsveen: Flukten
Også dette er spennande og tankeutfordrande fantasy. Og eg har skrive om den før... Tekst i Skuledagboka.
6) Gaute Heivoll: Før jeg brenner ned
Korleis eg har unngått å oppdage Gaute Heivoll før i år, står for meg som noko snodig. Men no har eg lest eit par bøker av han, og eg kan garantere: Det vil bli fleire!
I boka "Før jeg brenner ned" fyljer vi forfattaren tilbake til barndomsbygda og tida rundt hans eigen dåp. I starten av juni 1978 går det ein pyroman laus i bygda, og redselen når sitt klimaks akkurat den helga dåpen er. Historia er sann, og forfattaren sine refleksjonar og tankar, i tillegg til ei parallellegging med ei personleg krise i hans eige liv tjue år seinare, gjer dette til ei klok og vakker bok.
7) Bryce Courtenay: Kraften av én
Historisk roman, med oppdikta personar og hendingar, lagt til tida rett før, under og etter 2. verdskrigen i Sør-Afrika. Det er ein oppvekstroman, og vi fyljer ein liten gut som vert plaga på kostskule som 5-6-åring, og korleis dette legg føringar for heile resten av oppveksten.
Boka gir god innsikt i eit segregert samfunn, i eit Sør-Afrika som er på full fart inn i Apartheid.
8) Øystein Orten: Rasmus Rebellen
Dette må vel kallast norsk lokalhistorie... Forteljinga er lagt til små lokalsamfunn på Sunnmøre og det som no er Romsdal. Rasmus Rebellen er ein historisk person, og i denne boka får vi eit nærare innblikk i ei, i alle fall for meg, ukjent og spennande historie. Boka teiknar også eit godt bilde av korleis det var å leve på nordvestlandet i dansketida.
9) Jamie Ford: Sanger til Willow Frost
Jamie Ford verkar å ha spesialisert seg på tilværet til den kinesiske og japanske minoriteten i California eit halvt århundre tilbake.
I "Sanger til Willow Frost" møter vi ein liten gut som veks opp på barneheim, utan å ane kor det har blitt av mora. Så ein dag ser han ein plakat i byen, og vert overbevist om at den annonserte songarinna Willow Frost er hans eiga mor. Han set i gang ein aksjon for å få treffe den berømte songarinna, og rutinelivet på barneheimen tek brått ei ny retning.
10) Eva Mæhre Lauritzen: Seks planter som forandret verden
Den siste boka på lista mi skil seg ein del frå dei andre, sjølv om også denne boka er ei historiebok. Dette er ikkje nokon roman, men ei sakprega bok som fortel historia til seks viktige plantar vi nyttar i kvardagen. Desse seks plantane har alle ei spennande historie, og samtlige har relativ korte historier i europeisk samanheng.
Forfattaren tek for seg desse plantene: Tobakk, potet, pepper, bomull, kaffe og sukker.
Det er ein lærerik og interessant gjennomgang, og presenterer europeisk historie og verdshistoria ut frå ein ny og spennande synsvinkel.
Det var eit utval av bøkene frå 2014. Så får vi sjå kva 2015 har å by på!

lørdag 27. desember 2014
Vi stille
Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år, og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
Luk 2, 36 - 38
Vi stille
det er mørke dører
og tause gongar
fjella røper aldri det dei veit
hava er tause
vi stille i landet
duvar roleg, flyt på vinden
gjennom mørke dører,
tenner ein flamme, om aldri så svak
lyfter stemmene i tause gongar
eit stille ekko let seg høyre
og lyden spreier seg
utanfor vår kontroll
vi er dei stille i landet
men kan ikkje teie -
Luk 2, 36 - 38
Vi stille
det er mørke dører
og tause gongar
fjella røper aldri det dei veit
hava er tause
vi stille i landet
duvar roleg, flyt på vinden
gjennom mørke dører,
tenner ein flamme, om aldri så svak
lyfter stemmene i tause gongar
eit stille ekko let seg høyre
og lyden spreier seg
utanfor vår kontroll
vi er dei stille i landet
men kan ikkje teie -
mandag 22. desember 2014
Spotifyåret 2014
Spotify har talt... Og når det kjem til telling og statistikk, har eg ei klar svak side. Kva er vel kjekkare enn søyler, diagram og lister! Vel, ok, mange ting, men det er eit ok krydder i kvardagen. Og særleg no når året nærmar seg slutten, og det er på tide å gjere opp status. Så her er den første "kavalkaden" frå mi side dette året.
I følge spotify har eg lytta 16 189 minutt på musikk dette året. Talet er sjølvsagt mykje høgare, men tala dei får ut av dette kan likevel vere representativ for min musikksmak. I alle fall i noko grad...
Dei fem mest spelte artistane dette året er følgande:
1. Tal & Acacia
2. Peter Furler Band
3. Guardian
4. Copperlily
5. Ellie Holcomb
Dei fem mest spelte albuma, i prioritert rekkefølgje:
Desse albuma kan høyrast i sin heilskap her:
Og så er det favorittsongane. Dei fleste av dei fem mest spelte artistane går att på lista. Her er den:
1. Map to your heart - Copperlily
2. Jeshua - Peter Furler Band
3. Sun and shield - Peter Furler Band
4. That's me - Tal & Acacia
5. It's alright - Peter Furler Band
6. I place my hope - Ellie Holcomb
7. Cave of a million songs - Kevin Max
8. Once upon a time - Tal & Acacia
9. The broken beautiful - Ellie Holcomb
10. A lot to learn - Copperlily
Lista kan du høyre, sjølvsagt i si heile, fulle lengde, her:
Elles var det interessant å sjå at den dagen eg har høyrt mest på spotify, er torsdagar, med nærare to timar i gjennomsnitt!

søndag 7. desember 2014
Ein god bodskap for fattige
Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna ein god bodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom
og at blinde skal få sjå,
for å setja undertrykte fri
og ropa ut eit nådeår frå Herren.
Så
rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle
som var i synagogen, heldt auga feste på han. Då tala han til dei og byrja slik:
«I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans
munn.
(Luk
4, 16-22a)
Jesus
var slett ikkje den einaste læremeisteren som vandra rundt med ein flokk
læresveinar i hælane. Det var eit utbreidd fenomen i Israel på Jesu tid.
Likevel var han spesiell. Han braut for eksempel med mange av dei
konvensjonelle reglane. Han gjekk på besøk til menneske av alle samfunnslag,
frå høgt respekterte skriftlærde, til uglesette tollarar og dei som stod endå
lenger ned på rangstigen enn dei. Skussmåla han gav samsvarte heller ikkje
alltid med det folk forventa. Dei lærde og leiarane i folket fekk ofte kritikk
for måten dei oppførte seg på, medan horene, tollarane og andre i den meir
uspesifiserte gruppa “syndarar” vart møtt med milde ord.
Jesus er
dei fattige sin ven. “Dei fattige” er ei gruppe menneske som eg sjølv, og
truleg du også, på mange måtar står utanfor. Å leve i Norge i dag vil for dei
fleste av oss seie at vi har utdanning, ein stad å bu, arbeid å gå til, mat å
ete, klede å gå med og endå gjerne ein del til overs som vi kan bruke til det
vi måtte ynskje.
Likevel
er dette ein tekst som på mange måtar er god å lese. For det første slår det
meg at Jesus brukte å gå i synagogen på sabbaten. Der deltok han i bønene og
tekstlesinga og det religiøse livet. Trass i kritikken av skriftlærde og
farisearar, og måten dei praktiserte sin religiøsitet på, forkasta ikkje Jesus
det religiøse livet generelt.
For det
andre er det mange måtar å vere fattig på. Les ein nøye etter korleis Jesus
møtte menneske, ser ein at han møter rike og fattige på mykje same måten. Han
ser forbi pengane og sosial status, og ser etter korleis det er med hjartet. Ta
for eksempel ei av dei mest kjende forteljingane i Bibelen: Sakkeus i
morbærtreet, som får beskjed av Jesus om å kome ned, for han vil kome på besøk.
Sakkeus var søkkrik. Han levde eit liv i luksus, men i Jesu auge var han
likevel fattig. Han levde eit tomt liv, på stelte pengar, og Jesu gode bodskap
for fattige var også ein god bodskap for Sakkeus. Eit møte med Jesus endra
livet hans totalt.
For det
tredje er Jesus her eit godt eksempel for korleis vi skal leve ut vårt
religiøse liv. Han kjem med sjølve “programerklæringa” for livet sitt nettopp i
synagoga. Her brukar han orda sine til å erklære kva han har tenkt å gjere, og
kva som er Guds vilje. Han rett og slett underviser og byggjer opp – og bruker
dei bibelske tekstane som utgangspunkt. Seinare møter vi han utanfor synagoga,
i møte med menneske i kvardagslivet, og no lever han ut det han lærer. Han
lækjer sjuke, set undertrykte fri, gir blinde synet att… Han erklærer nok ein
gong ein god bodskap for fattige, men denne gongen i handling!
Og dette
er utfordringa til oss som lever i dag, i rike Norge i 2014: Å setje oss inn i
bibeltekstane, lære kva Guds vilje er for liva våre og ta imot hans gode
bodskap til oss. Og så, etterpå, gå ut i kvardagen og leve ut det vi har fått:
Spreie Guds godleik til dei menneska vi har rundt oss!
onsdag 19. november 2014
Broken Hallelujah - The Afters
The Afters spelte to konsertar under KRIK cup & konsert, i tillegg til å leie lovsangen på kveldsmøtet laurdag. Denne kvelden var det nærare 600 publikumarar i salen, og desse bileta er frå den siste konserten.
I can barely stand right now.
Everything is crashing down,
And I wonder where You are.
I try to find the words to pray.
I don't always know what to say,
But You're the one that can hear my heart.
Even though I don't know what your plan is,
I know You're making beauty from these ashes.
I've seen joy and I've seen pain.
On my knees, I call Your name.
Here's my broken hallelujah.
With nothing left to hold onto,
I raise these empty hands to You.
Here's my broken hallelujah.
You know the things that have brought me here.
You know the story of every tear.
‘Cause You've been here from the very start.

When all is taken away, don't let my heart be changed.
Let me always sing Hallelujah
When I feel afraid, don't let my hope be erased
Let me always sing Hallelujah.
Let me always sing Hallelujah.
I will always sing

tirsdag 18. november 2014
Tears of the saints - Leeland
Det store trekkplasteret til KRIK cup & konsert i år, var Leeland. Dei spelte laurdagskvelden, og nærare 600 oppmøtte fekk høyre det kjente bandet frå Texas. Eg skulle gjerne høyrt endå fleire av dei mest kjente songane deira, særleg sakna eg songen "New creation". Men eg var likevel vel fornøgd med songar som "Opposite way", "The door", "The great awakening" og ikkje minst "Tears of the saints"! Her er mine bilete frå konserten, saman med teksten til sistnemnte song:
There are many prodigal sons
On our city streets they run
Searching for shelter
There are homes broken down
People's hopes have fallen to the ground
From failures
This is an emergency!
There are tears from the saints
For the lost and unsaved
We're crying for them come back home
We're crying for them come back home
And all your children will stretch out their hands
And pick up the crippled man
Father, we will lead them home
Father, we will lead them home
There are schools full of hatred
Even churches have forsaken
Love and mercy
May we see this generation
In it's state of desperation
For Your glory
This is an emergency!
Sinner, reach out your hands!
Children in Christ you stand!
Sinner, reach out your hands!
Children in Christ you stand!
And all Your children will stretch out their hands

Never going back to OK - The Afters
Endå fleire bilder frå KRIK cup & konsert! Desse tok eg fredagskvelden, under den første konserten til The Afters. Songbar og dansbar musikk, med tekstar som betyr noko!
It's not the end
But it feels like it is
I'm waking up
Like I'm back from the dead
I'm stepping out
And I feel so afraid
But as long as I'm moving it's all right
I feel alive
And it hurts for a change
And looking back and it's hard to believe
That I was cool
With the days that I wasted complacent and tasteless and bored but
That was yesterday
We're never going back to OK
We're never going back to easy
We're never going back to the way it was
We're never going back to OK
This discontent
Like a slap in the face
Of mediocre
I've had enough of this place
This party's over
And I'm moving away from the frills of you Beverly Hills but that was yesterday
We're never going back to OK
We're never going back to easy
We're never going back to the way it was
We're never going back to OK
We're here to stay
This is our time
Our only life
Our chance to live
We're never going back to OK
We're never going back to easy
We're never going back to the way it was
We're never going back to OK
Det var ein flott konsert, og det var nok dette bandet som traff våre ungdomar best!

Abonner på:
Innlegg (Atom)