det er noko med handa som lyfter,
eit sviande slag
ville vore betre;
i synsfeltet blinkar solflekkar
som neonskilt mot skogsbotnen
langt utanfor skuggane
der blomane ikkje lenger veks
og føtene mistar feste
mot underlaget -
og så er det handa som lyfter
medan eg ventar på slaget,
ventar at trea skal vekse
så liten, i redsle
så mørk, i relieff
mot mitt svake sinn
og handa som lyfter lyfter
trea til side
solflekkar nærmar seg skuggen -
Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.
Joh 3, 14-15
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar