seier eg
snur det rundt, så lyset treff
frå alle sider samtidig
kan du opne skoddene,
kle av fasaden, kleda, kamuflasjen,
brette det heile ut, så vi ser
kjernen – det indre i dette
så eg snur det ein gong til
peikar på treet – det er eit tre!
og det du ser utanpå
er det du ser inni (bark, ved)
det er ikkje meir enn det
og det korset, då?
kva gøymer du under røtene
kva kjem fram når vi grev opp denne boka
og let sola tørke blada?
dette korset er eit kors –
her vann Han liv gjennom døden
denne boka er ei bok
her fann eg vegen til livet
her fann eg vegen til livet
og trua – den er ei tru
for eg trur det er dette som gjeld
og eg trur
ja, eg trur –
og det er alt eg treng
for eg trur det er dette som gjeld
og eg trur
ja, eg trur –
og det er alt eg treng
2. Kor 4, 2: Nei, vi har sagt frå
oss alt hemmeleg og skammeleg; vi går ikkje fram med knep og forfalskar
ikkje Guds ord. Men vi legg sanninga ope fram, og for Guds andlet
stiller vi oss sjølve fram så alle menneske kan dømma oss etter sitt
samvit.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar