du legg på orda
strøk på strøk
over huda
let fargane gli saman
dekkje kvarandre
til dei alle forsvinn under
stadig nye lag,
nye penselstrøk
over dei gamle
snart glir eg i eitt
med fargane du gav
til himmelen, havet, skogen
let meg farge
av orda dine, lag på lag
i stadig nye nyansar –Joh 1, 16: Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar