vi dug ikkje
aleine, isolerte –
det renn ei kjelde
gjennom hjarta mitt
og over i ditt
og vidare – ei lekkje
av sprukne steinar
bundne saman i kjærleik
under auga
til Han som møter oss
ein og ein
akkurat der
vi er
som ei vakker perle av mange
på Guds
store perlekjede
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar