onsdag 24. mai 2017

Pedro Carmona-Alvarez: Bergen ungdomsteater


Pedro Carmona-Alvarez har fram til no vore ein ukjent forfattar for min del, men det er vel nesten obligatorisk for ein leseglad suldøl å kikke litt nærare på forfattarskapet.

Den siste boka, «Bergen ungdomsteater», kom ut i fjor, og er ein frittståande oppfølgjar til romanen «Og været skiftet og det ble sommar og så videre» som kom ut i 2012. Eg har ikkje lese den første boka, men «Bergen ungdomsteater» fungerte heilt fint for seg sjølv.

Vi blir kjent med hovudpersonane Marita, Andreas og Johannes, som veks opp i Bergen på 80-talet. Familiebakgrunnane deira er svært ulike, men dei kan likevel finne felles referansepunkt – både i familiære erfaringar og felles interesser. Synsvinkelen skiftar i dei ulike kapitla, så vi får historia fortalt gjennom auga til alle dei tre ungdomane.

Boka gir eit innblikk i ungdomsmiljøet som var på den tida, og kva saker dei var opptekne av. Boka har også med nokre historiske hendingar som kan hjelpe lesaren til å setje forteljinga inn i riktig tid. Dette gjeld særleg den siste delen av boka.

Historia er svært realistisk fortalt, og forfattaren skriv ein ærleg tekst om det å vere ungdom. Ingenting vert glatta over. Det er heile vegen det psykologiske, indre spelet som driv forteljinga vidare, og både ytre handling, skildringar og dialogar er med på å bygge opp under den indre spenninga. Tema som kjærleik og familietruskap er sentrale, men det viktigaste temaet er, slik eg ser det, jakta på eigen identitet. Ungdomane prøver å finne sin plass i verda, og møter dette prosjektet på ulike måtar.

Skrivestilen minner meg om Edvard Hoem sine tidlege bøker, og litt om Lars Saabye-Christensen sin skrivestil. Språket og dialogane flyt lett av garde, og det er enkelt å få med seg det som skjer.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar