Dette er den andre boka i serien om Harald Hardråde sitt liv. Han endte opp som den siste vikingkongen i Norge, men hadde eit turbulent og innhaldsrikt liv fram til nederlaget ved Stamford Bridge i 1066.
I denne boka møter me Harald utanfor byen Holmgard (Novgorod) i Russland. Her er han i teneste for kong Jaroslav, men ynskjer å reise vidare til Miklagard (Konstantinopel). Det er i Miklagard, som var den tids kulturelle og militære sentrum, at sjansane for å byggje seg opp rikdom og eit namn var størst.
På vegen mot Miklagard møter Harald ei gruppe kazar-krigarar, som vart kalla for djevelens ryttarar. Han slår seg saman med dei, og får opplæring i ryttarkunsten. Samtidig har han den hemnlystne venderkrigaren Pritbor i hælane, og dei nærmar seg eit uunngåeleg oppgjer.
Jan Ove Ekeberg har bygd opp ei spennande og interessant forteljing, og med sin blanding av fiksjon og historiske fakta gir han nytt liv til dei historiske personane. Mot slutten av boka står ei liste over personane som er med, og me får vite kor vidt dei er historiske eller ikkje. Dermed kan me som lesarar trekkje ut den delen av historia som er "sann", og dermed også lære litt verdshistorie i same slengen!
Språket er lett, og det er stor vekt på handlingar i boka. Den har difor godt driv, og som lesarar vert med rivne med i dei dramatiske hendingane i Harald Hardråde sitt liv. Kan anbefalast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar