mandag 8. oktober 2018

Lars Saabye Christensen: Magnet

Det er vel få forfattarar som er betre enn Lars Saabye Christensen til å skildre litt sære personar og snodige handlingar. Samtidig som personane vert stilte ut med alle sine snåle særtrekk, vert me som lesarar også glade i dei - og kanskje me kan kjenne oss litt igjen i somme av dei også.

I romanen Magnet møter me fotografen Jokum Jokumsen, som saman med kona Synne Sager slår seg ned i San Francisco. Der slår han gjennom som fotograf, men sjølv vert han aldri heilt fornøgd med sine eigne merittar. Han set seg som mål å vise verda slik den er, men møter stadig på situasjonar som set prosjektet hans på prøve.

Eg-personen i romanen er ein tidlegare nabo frå Sogn Studentby i Oslo. Han ynskjer å fortelje om kjærleiken mellom Jokum og Synne, og korleis Jokum klarte å "elske henne frisk". I godt vaksen alder treff dei to tidlegare studentane kvarandre att, denne gongen som pasientar på eit sanatorium i Danmark. Det er mange spørsmål om reisa frå studentbyen, til berømmelse i San Francisco og til sanatoriet som står opne, i alle fall i starten. Gjennom glimt frå ulike delar av Jokum sitt liv, vert puslespelbrikkene lagt på plass steg for steg.

Forteljarstilen i Magnet er filosofisk. Hovudpersonane prøver å trengje gjennom fasaden og avsløre både seg sjølv og andre. Dei gjer stadige snuoperasjonar, og angeren kjem fram titt og ofte. Det er ei spennande reise Christensen tek oss med på, og eg kan ikkje anna enn både synes synd på og bli glad i dei ulike skakkøyrde skjebnene.

Med sine 780 sider er det god tid til å fordjupe seg i forholdet mellom dei to hovudpersonane og menneska dei møter gjennom livet!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar