Det handlar om å skrive, om å vere mor, kone, dotter. Det handlar om å halde seg flytande. På sin sedvanleg poetiske måte tek Inger Bråtveit oss endå ein gong inn i sitt univers, og i denne boka har alle dei ulike innfallsvinklane og forteljingane ei felles ramme: Vatn. Om det er å svømme i havet eller bade i eit basseng, vere ute i regnet eller stå under ein enorm demning, sitte i ein ubåt på havets botn eller lære dottera å svømme. Alltid er vatnet der, både som metafor og som konkret ingrediens i forteljingane.
Forfattaren tek utgangspunkt i eige liv og eigne erfaringar, men også i historiske hendingar. Forteljingane vert aldri interne, sjølv om ho skriv mykje om sin eigen familie og sitt eige liv. Måten ho gjer det på viser inn til noko større og djupare, noko me som les kan kjenne oss att i.
Inger Bråtveit gjer god bruk av litterære kjelder, og siterer eit breidt spekter av forfattarar. Ho har leita fram mange gode avsnitt som passar inn i hennar eigen tekst, og gir ekstra djupne til forteljinga. Den gode blandinga av eigne tankar, forteljingar, sitat og historiske hendingar har noko essayistisk over seg, samtidig som forteljinga hentar element frå både novella, dokumentaren og lyrikken. Språket flyt lett - som vatn - og tek oss med gjennom stadig nye svingningar og straumar, og kjem somme tider tilbake til historiar og bilder me har vore innom tidlegare.
Særleg gripande finn eg kapittelet der ho tek for seg ubåten Kursk, som sank nord for Murmansk i år 2000. I godt over ei veke levde familiane i håpet om at mannskapet skulle bergast, men for kvar dag som gjekk smuldra håpet meir og meir opp. Bråtveit tek oss med i møte med dei etterlatte, og ho tek oss med inn i ubåten, der ein av dei døde talar til oss gjennom ei helsing han skreiv og forsegla like før dei gjekk tom for luft. Det er ei sterk og sår forteljing.
Boka "Dette er også vatn" er velskriven og variert, og det er spennande å bli med på Inger Bråtveit si reise. Ingenting er forutsigbart, men alt er vakkert og poetisk, og vel verdt tida det tek å lese!