mandag 5. desember 2016

Gjetarguten #5: Fred på jorda


eit stille band
av snadrande maskingeværkuler

dumpe smell
eld og røyk
steinar og murstein
som fyk

eg er fuglen
i dette spelet
den som svevar høgt her oppe
i stille sus av vind

langt der nede
døyr menneske som sporvar

eg høyrer englesongen
og ynskjer å tru det
ynskjer å sjå det
vere ein bit av draumen

eg nynnar melodien
glir på vinden
gjer det eg kan
- at det skal bli sant



søndag 4. desember 2016

Gjetarguten #4: Gloria


musikken
kor han smeltar
mot øyra

legg seg som eit silketeppe
over landskapet

let oss vandre
på gater av gull
i denne parentesen i æva

vakre tonar
som blomar i ei blomeeng
fykande gjennom lufta
landar på bakken
mellom fryktsame sauer

eg stirrar
lyttar
let meg føre av garde
på vengjer av eld




lørdag 3. desember 2016

Gjetarguten #3: Lys


eit brot i nattebildet
stille sprakande
ut frå tomrommet
over det heile

eit lysglimt
refleksjonar
i tause saueauge
stadig veksande

inn i mørket
ut av ingenting
stig eit omriss
av lys

eg blunkar mot stjernene
kan ikkje tru det
legg tvilen som eit filter
framfor auga

trakkar meg sjølv på foten
hardt
innser
eg er vaken