søndag 11. desember 2016

Gjetarguten #11: Nærvær


stilla i stallen
og stjerner som blinkar
med sitt kalde fråvær
millionar av kilometer borte

det er noko fjernt over nattehimmelen
eit pust frå så langt borte
at ingen menneske nokon gong
kan vite for sikkert kor det kjem frå

og Gud, i våre tankar
ein metafor blant andre metaforar
taus og stille, som stein eller luft
eller for den del universet sjølv

så går vi inn i stilla
kryssar dørstokken til stallen og ser
dette barnet frå englesongen sove
i salig ro midt i høyet

rommet er fylt av ei stille
og stilla er fylt av eit sus –
det er visst mitt eige hjarte
varmen i blodet som bankar

for vissa er stor som eit fjell
men tanken for vill til å gripe;
er det ikkje Gud sjølv eg møter,
eit nærvær av kjærleik i mørket?


lørdag 10. desember 2016

Gjetarguten #10: Ny og gamal


så det er du som er Adam
den nye – eit spegelbilete
på det som kunne vore
om vi alle valte
annleis

om vegane våre var beine
og førte frå der vi var tenkt
til dit vi skulle gått
om alle omvegar og krokvegar
var ukjente vegar for oss

så ligg han her, i krybba
ein heilt ny Adam
eit heilt nytt liv å velje
og eg bøyer kne og hovud
svingar føtene ut
på denne nye, gamle vegen


fredag 9. desember 2016

Gjetarguten #9: Hjartet og håpet og natta


så trør føtene støvete gater
så ser auga det auga såg før
medan alt endå gjekk i det vante

kjente hus kjente plantar
stille pust og lydar av søvn
som i andre netter som denne

og hjartet mitt bankar pulsen
slik pulsen har banka og banka
rytmen til livet eg lever

i natt smeltar alt dette saman
ein fusjon mellom tida og håpet
og livet og hjartet og gleda og meg

for i natt luktar alle ting nye
i natt startar all ting
på ny