lørdag 11. februar 2017

Eit ord som gir liv




ditt ord er ein straum
av regn mot soltørr jord,

eit stille sus av vind
der lufta var dirrande død

ditt ord kjem som uventa varme
og smeltar min frostskadde grunn

vekkjer til live dei vekkgøymde frø
i djupet av hjartet –  i dei ukjente rom

gir lyden av miskunn
eit ekko av fred

eit dekke av nåde
over alt som gjekk gale for meg





Jes 55, 10-11: 
    10 For lik regn og snø
          som fell frå himmelen
          og ikkje vender attende dit
          før dei har vatna jorda,
          gjort henne fruktsam og fått henne til å spira,
          gjeve såkorn til den som skal så,
          og brød til den som skal eta,
         
   
11 slik er mitt ord
          som går ut or min munn:
          Det vender ikkje tomt attende til meg,
          men gjer det eg vil
          og fullfører det eg sender det til.

lørdag 4. februar 2017

Bak Abrahams blikk mot ei stjerne




du kunne ikkje sjå det
heller ikkje vite
med basis i erfaringar eller lærde ord
dette som var så utruleg
at kven som helst ville rista på hovudet
og snudd seg vekk

du var ikkje kven som helst
men du var heller ikkje uvanleg,
ein supermann med blikk inn i framtida
og eit stødig hjarte
som aldri tvilte
nei

det underlege er at du var som oss
og likevel turte du å gå
ein ukjent veg
likevel turte du å stole på orda,
endå så vanskelege dei var å gripe

likevel turte du
å leggje handa di i Gud si hand
og let han løfte deg fram
gjennom ukjent terreng –

og eg, eg les og les og håpar
og ber om den same styrken
som ikkje kan kome frå meg sjølv
men berre som ei gåve – frå ein annan stad
bortanfor trua
bakanfor alt eg forstår




1. Mos 15, 5-6: Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.» Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd.

tirsdag 31. januar 2017

Leste bøker: Desember og januar

Det vart aldri til at eg laga noko oversikt over bøkene eg las i desember. Difor slår eg saman begge månadane, og her er ei liste over det som har blitt "fortært" dei siste to månadane. Dei fleste boktitlane er linkar til nærare omtale.


Holly Black/Cassandra Clare: Kobberhansken

Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger

Aina Basso: Ingen må vite

Kenneth Steven: Løynde ting

Ruth Lillegraven: Sigd

Peder A. Tyvand: Darwin 200 år - en festbrems

Marit Kaldhol: Zweet

Martina Gaux: Jeg er ikke

Patrick Ness: Monsteret kommer

Per Olav Kaldestad: Når morgonfrosken syng

Asbjørn Rydland: Galderstjerna

Tyra Teodora Tronstad: Mørket kommer innefra

Torbjørn Moen: Jenta i speilet

John Green/Maureen Johnson/Lauren Myracle: La det snø

Arto Paasilinna: Den ulende mølleren

Guri Sørumsgård Botheim: Heime mellom istidene

Jesse Andrews: Jeg og Earl og jenta som dør

Lars Mæhle: Skoddefyrstens hevn

Robert Louis Stevenson: Skatten på sjørøvarøya

Nathalie Simonsson: Verdas viktigaste bok - om kropp, kjensler og sex

Jens Hansegård: Verdas forsvunne skattar

Tor Arve Røssland: Pode

Lise Forfang Grimnes: Blodskraft

Jon Fosse: Trilogien

Erna Osland: Perlepappaen

Katherine Webb: Den engelske piken


Som du ser, vart det mange barne- og ungdomsbøker desse månadane. Det kjem det også til å bli i tida framover - det har kome ut svært mange gode og spennande ungdomsbøker denne vinteren! Alle bøkene i lista over er gode bøker, og vel anvendt tid å lese. Kanskje finn du nokre som passar for deg også?

Katherine Webb: Den engelske piken

"Den engelske piken" består av to parallelle historier som på ein intrikat måte vert fletta inn i kvarandre. I sentrum står den litt mystiske og tilbaketrukne oppdagelsesreisande Maude Vickery. Ho set seg som mål å krysse ørkenen i Oman, men vert slått på målstreken av barndomsvenen Nathaniel Elliot. Vi får vere med på denne fantastiske reisa i 1909, og vere vitne til både det storslåtte og det tragiske.

Etter dette trekk Maude seg tilbake, og lever eit stille og anonymt liv. Heilt til seinhausten 1958, når det forlova paret Joan og Rory kjem på besøk til byen Muskat.

Joan og Maude får snart god kontakt, og Joan blir vikla inn i hendingar ho ikkje har oversikt over. Her tykkjer eg teaseren på baksida av boka skaper den naudsynte spenninga ein bør ha med seg inn i forteljinga: "Då Joan forstår at ho er blitt ei brikke i eit lumskt spel, må ho prøve å hindre hendingar ho sjølv har sett i sving, før dei får dei mest forferdelege konsekvensar." Og det vert verkeleg dramatisk, på nivået liv eller død.

Forteljinga har både indre og ytre spenning, og dei ulike forteljingane og personlege historiene er fint vevd ihop til eit flott drama i den arabiske ørkenen.

lørdag 28. januar 2017

Kyrie Eleison




det er ropet frå frynsete, sundrivne hjarte
frå tørstande strupar
og auge som blør

det er ropet i angst frå alle som lir
frå dei som er nedbøygd
utan håp, utan livd

det er ropet i natta frå dei som er redde
frå alle som flyktar
og gøymer seg vekk

det er ropet i einsemd, i gråt og i pine
frå alle som lengtar
og ventar på fred

og ropet finn vegen frå vekkgøymde dalar
frå fjell og frå vatn
frå skogar og djuv,
det flyttar seg langt
flyg på fjørlette vengjer
i vinden og stilla
i mørke og lys –

heilt inn til det skapande, lyttande hjartet
som gret over urett og lengtar og ser
alle veglause, ropande
(og også dei tause)
som treng dette eine,
det nådige spørsmål:
Kva vil du at Eg 
              skal gjere for deg?



Luk 18, 38-39: Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»