Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. (Joh 15, 26)
søndag 28. mai 2017
Så kjem trua av orda
Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. (Joh 15, 26)
fredag 26. mai 2017
Jon Fosse: Det er Ales
Signe saknar mannen sin, som forsvann på sjøen for over tjue år sidan. Kvardagen går med på å vente og minnast, og etter kvart som dagane går dukkar stadig fleire av dei tidlegare bebuarane på garden opp. Vi møter Ales, tippoldemora, og son hennar, Kristoffer. Vi møter Kristoffer som vaksen mann, kona hans og sonen Asle. Vi møter også bestemora, som kjem heim frå handletur. Alle desse personane går om kvarandre på garden, og Signe ligg i benken og ser seg sjølv utanfrå.
Alt dette gjer dette til ei ganske samansett historie, og synsvinkelen skiftar stadig mellom Signe og mannen hennar. Sorga og saknet vert tydeleg, og bandet til resten av slekta er viktig.
Jon Fosse får også fram det delte forholdet til fjorden. Asle, som er kalla opp etter oldefarbroren som drukna, likar eigentleg ikkje å vere på fjorden. Likevel er han ute i båt kvar dag, dregen mot vatnet og fjorden.
Skrivestilen er svært gjenkjenneleg, med mange gjentakingar og svært få punktum. Historia vert driven vidare av stadig nye element som kjem inn i forteljinga, og til slutt sit vi att med ei heil slektssoge!

torsdag 25. mai 2017
At han kom
Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han først hadde stige ned til det aller lågaste, til jorda? (Ef 4, 9)
onsdag 24. mai 2017
Pedro Carmona-Alvarez: Bergen ungdomsteater
Pedro Carmona-Alvarez har fram til no vore ein ukjent
forfattar for min del, men det er vel nesten obligatorisk for ein leseglad suldøl
å kikke litt nærare på forfattarskapet.
Den siste boka, «Bergen ungdomsteater», kom ut i fjor, og
er ein frittståande oppfølgjar til romanen «Og været skiftet og det ble sommar og
så videre» som kom ut i 2012. Eg har ikkje lese den første boka, men «Bergen
ungdomsteater» fungerte heilt fint for seg sjølv.
Vi blir kjent med hovudpersonane Marita, Andreas og
Johannes, som veks opp i Bergen på 80-talet. Familiebakgrunnane deira er svært
ulike, men dei kan likevel finne felles referansepunkt – både i familiære
erfaringar og felles interesser. Synsvinkelen skiftar i dei ulike kapitla, så
vi får historia fortalt gjennom auga til alle dei tre ungdomane.
Boka gir eit innblikk i ungdomsmiljøet som var på den
tida, og kva saker dei var opptekne av. Boka har også med nokre historiske hendingar
som kan hjelpe lesaren til å setje forteljinga inn i riktig tid. Dette gjeld
særleg den siste delen av boka.
Historia er svært realistisk fortalt, og forfattaren
skriv ein ærleg tekst om det å vere ungdom. Ingenting vert glatta over. Det er
heile vegen det psykologiske, indre spelet som driv forteljinga vidare, og både
ytre handling, skildringar og dialogar er med på å bygge opp under den indre
spenninga. Tema som kjærleik og familietruskap er sentrale, men det viktigaste
temaet er, slik eg ser det, jakta på eigen identitet. Ungdomane prøver å finne
sin plass i verda, og møter dette prosjektet på ulike måtar.
Skrivestilen minner meg om Edvard Hoem sine tidlege
bøker, og litt om Lars Saabye-Christensen sin skrivestil. Språket og dialogane
flyt lett av garde, og det er enkelt å få med seg det som skjer.
lørdag 20. mai 2017
Framtida og no
For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. (Jer 29, 11)
fredag 19. mai 2017
Eka Kurniawan: Skjønnhet er et sår
Kurniawan kjem her med eit friskt, litterært pust. Den indonesiske forfattaren har ein skrivestil som er både humoristisk, sår og brutal på same tida, og han legg ingenting mellom når han skildrar skuggesidene i menneskenaturen.
Boka startar med at den tidlegare prostituerte Dewi Ayu står opp frå grava etter å ha vore død i 21 år. Ho kjem for å ordne opp i familieproblema.
Vidare tek boka oss med på ei mangslungen og kronglete reise i forhistoria til Dewi Ayu og barna hennar. Vi møter den for lenge sidan avdøde ektemannen, vi møter svigerbarn, barnebarn, vener og fiendar. Alt saman er sydd elegant saman til ei historie som fangar lesaren og dreg ein stadig lenger inn mot kjernen av forteljinga. I siste kapittel er det som forfattaren zoomar litt ut, og viser fram heile bildet på ein gong. Først då forstår ein korleis dei ulike forteljingane heng saman, og kvifor Dewi Ayu har teke dei vala ho har gjort.
"Skjønnhet er et sår" gir eit innblikk i Indonesisk kultur og historie, men har samtidig mange trekk frå eventyrsjangeren, med overnaturlege innslag. Det er ikkje utan grunn at skrivestilen vert kalla for magisk realisme. Tema som svik, overgrep og kjærleikssorg er sentrale, og slik eg tolkar romanen, har forfattaren ein del klare bodskap å komme med. Eka Kurniawan serverer ein god dose filosofi iblanda fiksjonen, og her er mange ting ein kan tolke og fundere på medan ein les!
På grunn av eit noko valdeleg og seksualisert innhald, passar nok boka best for vaksne, modne lesarar.

lørdag 13. mai 2017
Abonner på:
Innlegg (Atom)