søndag 24. oktober 2010

Landet under isen

Dette er ei spennande og til tider ganske skummel bok. Forfattaren har laga eit spennande plott, og fortel på ein fengande og levande måte. Det var vanskeleg å ta pause i lesinga!
.
Eg skal ikkje gå så nøye inn på handlinga i boka. Dei som har lyst til å lese boka, kan sjå fram til mykje spenning. Og dei som ikkje kjem til å lese den, vel, your loss. Grunnen til at eg skriv om boka her, er ein heilt annan. Forfattaren har pakka historia inn i religiøst gavepapir, og ein vaken lesar kan ikkje unngå å sjå parallellane som vert trekte til dei tre store verdsreligionane; jødedom, kristendom og islam. Researchen har vore grundig utført, for boka er gjennomsyra av religiøse symbol og vendingar.
.
Det forfattaren midlertid har misforstått, er korleis vi som kristne forheld oss til religionen vår. I boka meir enn hentydar forfattaren at viss dei ulike religionane kunne bli einige, så ville verden bli ein betre stad. Vidare er det tre heilt konkrete bodskap: vi må stå saman, dei som tilhøyrar dei tre religionane bør innsjå at dei har same Gud, og sanninga ligg hos den enkelte. Alle har rett og alle har feil. Den første påstanden er eg einig i. Som menneske bør vi respektere og samarbeide med kvarandre, og saman prøve å skape best mogeleg forhold og fridom for alle. Når vi kjem til dei to neste punkta, begynner det midlertid å rakne litt.
.
Forfattaren meiner at jødar, kristne og muslimar trur på same Gud, og dermed burde slå seg saman til ein einaste stor religion. Jødar og kristne trur for så vidt på den same Gud, men jødar har endå ikkje blitt kjent med den treeinige Gud. Utan å kjenne Jesus, og få hjelp av den Heilage Ande, er det umogeleg for eit menneske å kunne sjå kven Gud er. Det er altså ikkje berre å bli "einige". Å hevde at muslimar trur på den same Gud som kristne, er totalt skivebom. Gudsbildet i islam krasjar på så mange punkt med det kristne bildet av den heilage, kjærlege, allmektige og treeinige Gud, at det er heilt umogeleg å samanlikne dei to. Allah vert framstilt som ein mykje fjernare, strengare og ikkje minst meir uberekneleg guddom, som menneska skal respektere, men aldri kan bli kjent med.
.
Når det gjeld det tredje punktet, at sanninga er hos kvar enkelt, er dette eit synspunkt som er svært populært. Det som er rett for meg, er ikkje nødvendigvis rett for deg. Relativisme er in, men det gjer det ikkje meir rett av den grunn. Som kristen trur eg på absolutt sanning. Sanninga er ein konstant, det er vi menneske som er relative. Vår måte å forholde oss til sanninga på, vil variere, men Sanninga er uforanderleg. Gud er alltid den same, og kun i hans nærleik vil vi kunne bli kjent med sanninga om oss sjølve, livet og heile universet.
.
Til slutt: forfattaren meiner altså at dei tre religionane berre må bli einige, begynne og samarbeide og innsjå at alle har like rett og like feil. Forfattaren ser altså for seg religionane som tre ulike "supportarlag", som må innsjå at dei eigentleg heiar på det same fotballaget. Problemet er berre at heile utgangspunktet er feil. Som kristen er eg ikkje ein "supportar", "tilhengjar" eller "medløpar". Eg er ikkje kristen fordi eg syns kristendom er så kult, eller fordi eg "var jo nøydt til å velje noko". Eg er heller ikkje kristen fordi eg er født i eit land med ei stor statskyrkje, eit land med lange kristne tradisjonar. Alt dette kunne eg i teorien gitt på båten for fred og samarbeid med mine medmenneske.
.
Eg er kristen fordi eg har blitt kjent med han som skapte meg. Eg har fått sjå min eigen håplause tilstand, og eg har mottatt håp, kjærleik og frelse frå Skaparen sjølv. Han har døydd for meg! Han har stått opp frå dei døde for meg! Han vandrar saman med meg! Han har gitt meg framtidshåp, både for livet mitt her og for æva. Skaparen sjølv har vist meg nåde, og gitt meg noko som berre den som er allmektig, heilag og nådig kan gi.
.
Så kjære Lars Mæhle: det er nok heilt komplett umogeleg for meg å seie meg einig i bodskapet i boka di. Det er ikkje berre å slå seg saman med dei andre religionane. Eg tilhøyrer nemleg ikkje ein religion, eg tilhøyrer ein levande og nådig Skapar, som innehar den einaste og fulle Sanninga.
.
Til slutt: eg hadde sett pris på litt mindre banning, men utover det var det ei super bok. Eg likar bøker som er spennande, har litt avanserte plott, vakker forteljarstemme og engasjerande bodskap. Særleg bøker som kan provosere fram bloggskriving!
..
Ole

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar