Den renn så fredeleg
Bekken
Klukkar og susar mellom steinane
Svingar seg i ein dans
og renn vidare
Alltid vidare
Fredeleg, men hastig
Det er så deilig
å berre sitje og sjå
på bekken
Sjå på dansen
Høyre på klukkinga
og fornemme
freden og stilla
Det er så deilig
å berre sitje her
- Berre sitje og gløyme alt anna
Bekken renn uforstyrra
Og eg har all verda med tid
Lat meg sitje her og sjå
- berre litt til!
fredag 24. februar 2012
torsdag 23. februar 2012
Håp, ja takk!
Som ein liten kontrast, og for å vege opp for den heller litt dystre novella eg la ut sist, kjem her teksten til ein flott barnesang som ein kan finne på "Øystein-CD" nummer ein. Øystein-CDane kan bestillast her: www.ellerstakk.no. Flotte CDar, som for det første appellerar veldig til barna, og for det andre formidlar evangeliet om Jesus og det kristne håpet på ein tydeleg og artig måte! Kan anbefalast!
HÅP Ja Takk!
Har du noen gang ligget våken om natta? (Så klart har jeg det, Chris. Ha'kke du?Og tenkt på hvorfor er jeg egentlig på denne jord?
(Ja, det er virkelig noe å grunne på. Hvorfor er jeg her?)
Har du pillet deg i nesa og tenkt så mye at det knaka (Jo da, det har jeg. Ha’kke du?)
Vet du hva, det har jeg og, min venn, så la meg si deg noen ord: (Bare si det, du Chris)
For jeg kan si deg det er håp, og det er svar å få (Jasså)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Ja, lufta kan man jo ikke se heller, men den er der for det)
Jeg kan si deg du kan glede deg (Jippi!)
Sammen med meg
For det finns noe mega, digg, fantastisk bra, det skal du få se!
Det skal jeg love deg (JA!)
Har du noen gang hatt en skikkelig dårlig dag på skolen?
(Så klart har jeg det, Chris. Ha’kke du?)
En slik dag hvor brødskiva datt, med nugattisida ned (Offameien)
Når du svarte feil foran hele klassen ble du lyserød i toppen (Huffameien, huffameien)
Og alle var bedt i bursdag, men du var ikke invitert (Huffameien)
Men jeg kan si deg det er håp, og det er svar å få (Det er fint)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Radiobølgene kan vi ikke se heller, men de er der for det)
Jeg kan si deg du kan glede deg, sammen med meg (Jippi!)
For det finnes en som bryr seg, det skal du få se!
Det skal jeg love deg (JA!)
Har du vært på fjelltur og sett et nydelig... (Kjøleskap?) Nei.. Fjell!? (Å, sånn, ja)
Har du noen gang sett på en nydelig … (Gulrot?) Nei… tulipan!? (Å, sånn, ja)
Å, så digg og så fint, tenkte du, men hvor kommer dette fra?
(Ja, hvor kommer alt dette fra egentlig, Chris?)
Og hvem er det egentlig som har skapt både himmel og hav? (Ja, har du et svar på det, eller?)
Vel, jeg kan si deg det er håp, og det er svar å få (Å få!)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Gud kan man ikke se, men man kan se det han har skapt!)
Jeg kan si deg du kan glede deg, sammen med meg (Jippi!)
For det som finns på denne jord er skapt av Gud, det skal du få se!
(Det skal jeg love deg, JA!)
Har du noen gang lurt på om det finns noen som bryr seg?
(Det tror jeg de fleste grunner på, Chris)
Om en liten eller stor gutt eller jente som akkurat deg (Eller meg?)
Har du noen gang stirret høl i veggen og følt deg litt alene?
(Ja, jeg har følt meg litt aleine, ha’kke du, Chris?)
Og kanskje tenkt det er vel ingen som tenker på meg (Det er noen, det veit jeg det er.)
Men jeg kan si deg det er håp, og det svar å få (Ja, det er fint)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Tror du Gud er her nå, Chris? –Ja det vet jeg Han er.)
Jeg kan si deg du kan glede deg, sammen med meg
Fordi Gud tenker på deg til alle døgnets tidene
Det skal jeg love deg (oi, oi, oi)
Har du noen gang grunnet på hvordan det må være i himmelen?
(Ja, så klart. Kanskje det er kjempefint der.)
Kanskje det er tusen ganger bedre der, enn det det er i syden? (Tusen ganger bedre? Oi,oi,oi!)
Hvordan kan man være sikker på å komme dit hen?
(Nei, kanskje tro på Gud og Jesus og slikt?)
Og er det håp for deg, ja hvordan kan man bli med?
(Ja, hvordan kan man bli med dit, egentlig?)
Vel, jeg kan si deg det er håp, og det er svar å få (Bli med, dere!)
Fordi det finnes mer enn vi kan se med øynene
(Så fint det er at man kan tro på Gud da!)
Jeg kan si deg du kan glede deg, sammen med meg
For Gud sendte jo sin sønn Jesus så vi kunne bli med!
Så vi kunne bli med (JA!)
Tekst og melodi: Chris Duwe
mandag 20. februar 2012
"Dagen då alt gjekk gale"
Førre skuleveke hadde vi temadagar om psykisk helse i klassen min. Den første dagen sette vi fokus på sjølvbilde og det å ha det bra. Den andre dagen var det problem som var i fokus, og siste dagen såg vi på psykiske lidingar og korleis ein kan hjelpe. Ei av oppgåvene dei fekk den andre dagen, då vi hadde fokus på problem, var ei skriveoppgåve. Dei skulle setje fantasien i sving, og dikte opp ei historie om ein gut som opplever "dagen då alt gjekk gale." Ut frå gitte opplysningar om guten, skulle dei altså la det meste gå skeis denne dagen.
Som lærar er det dessverre sjeldan at nokon gir meg skriveoppgåver lenger. Eg må finne på dei sjølv... Og denne dagen vart eg inspirert av å sjå elevane skrive, så eg skreiv like godt min eigen versjon av historia. Så her er altså mi utgåve av "Dagen då alt gjekk gale". (Og den er ikkje skriven for å muntre opp... Det ligg i tittelen; her går det meste gale...)

Dagen då alt gjekk gale
Lufta strøymer rundt fjeset mitt. Verda er grå, og
eg kan sjå bakken nærme seg. Om nokre sekund er det slutt. Eg er livredd, men
rekk ikkje tenkje på anna enn kor glad eg er for at denne dagen snart er slutt.
Det heile begynte då eg vakna av solstrålar som
fylte rommet mitt med lys. Det er februar, og lenge sidan eg har vakna av sola,
så eg vart litt overraska over alt lyset og varmen. Eg snur meg til
vekkarklokka, og ser at brytaren er slått ned. Eller kanskje eg aldri sette den
på i går kveld? Uansett, klokka viser ti på halv ti, og eg skulle vore på skulen
for lenge sidan. Eg set meg opp i senga med eit rykk, og strekkjer ei sene i
foten så mykje at krampa set inn. Det er utruleg smertefullt, og går ikkje over
før eg har hinka fleire meter mot badet.
Sidan eg vakna så seint, har resten av familien
min sjølvsagt reist på skule og jobb for lenge sidan. Det einaste spørsmålet eg
sit igjen med, er kvifor i all verda dei ikkje har vekt meg. Eg hentar fram
mobilen, og ringjer faren min. Eg er sint, og veit at eg kanskje ikkje bør
ringe før eg har roa meg litt. Likevel klarar eg ikkje å la vere. Etter tre
ring tek far min telefonen, og eg stiller det store, essensielle spørsmålet:
“Kvifor?” Eg høyrer at han sukkar tungt, før han beklagar seg og kjem med den
verste unnskyldninga eg nokon sinne har høyrt: “Vi gløymte deg heilt ut.”
Svaret treff meg rett i mellomgolvet, og eg må setje
meg ned på ein stol. “Gløymt meg?” Eit nytt sukk kan høyrast i den andre enden.
“Mora di har reist. Teke med seg alle tinga sine og reist.” Eg ser meg rundt i
rommet, og ser at det manglar nokon ting her og der. Eg sjekkar stova,
kjøkkenet, soveromma. Alle mor sine ting er vekke.
Då må eg stille eit nytt, stort spørsmål:
“Kvifor?” Denne gongen får eg berre eit vagt “veit ikkje”, før vi seier hadet
og legg på. Uansett kor ille dette er, må eg komme meg av garde til skulen. Eg
triv med meg ei gulrot og ein juskartong, og spring ut til mopeden min. På
framsida av garasjen har eg fast parkeringsplass til sykkelen, og eg festar den
med kjetting til naboen sitt gjerde. Når eg rundar hjørnet, ser eg at mopeden
er vekke. Ikkje så mykje som ein mutter ligg att. Eg sender nokre stygge tankar
til storesøstra mi, som lånte mopeden kvelden før. Ho har heilt sikkert gløymt
å setje på låsen. Kanskje ho til og med har latt nøkkelen stå i, for det er
typisk hennar idioti.
Eg innser at eg ikkje har andre val enn å gå til
skulen. Sidan det er iskaldt ute, spring eg inn i gangen og tek på meg ei
varmare jakke og gode vintersko. Så legg eg i veg på den tre kilometer lange
spaserturen til den gamle murbygning med alle dei sure lærarane i. Det er i
grunnen ufatteleg at eg finn meg i å gå der kvar dag, men eg har vel ikkje noko
særleg eg skulle sagt i den samanhengen. Sidan eg fekk mopedlappen for om lag
ein månad sidan, har det i alle fall vore to lyspunkt i skuledagen: reisa att og
fram. Eg er difor ekstra irritert der eg går og sparkar i lausgrusen, og
humøret synk for kvar meter eg går.
I gangavstand frå skulen har vi ein ganske ny
matbutikk, med gode lunsjtilbod til oss i ungdomsskulen. Jusen og gulrota eg
tok med fylte ikkje særleg opp i magen, så eg bestemmer meg for å gå innom og
kjøpe noko meir. På veg inn i butikken, ser eg Janicke forsvinne bak ein reol
lenger inne. Janicke går i parallellklassen min, og vi har vore kjærastar i
litt over eit år. Eg får fortsatt sommarfuglar i magen kvar gong eg ser henne,
og akkurat no er alle tankar på mat og skule gløymt. Eg skundar meg innover i
butikken, medan eg planlegg korleis eg skal fortelje alt det som har hendt meg
i dag, og kvifor eg ikkje plukka henne opp på mopeden i dag tidleg.
Ho står like ved ferskvaredisken, men ho står
ikkje aleine. Ivar frå klassen min er der også, og når eg kjem nærare ser eg at
dei held kvarandre i hendene. Kva er dette for noko? Ivar? Eg stoppar og lar
hendene henge slappe langs sida. Janicke og Ivar ser meg ikkje, men eg ser dei.
Eg ser at dei ler i lag. Eg ser at dei smiler til kvarandre. Og eg ser at Ivar
kysser Janicke før dei går vidare mot andre enden av reolen og rundt mot
utgangen. Eg ser at Janicke ikkje lenger er mi. Sakte set eg meg ned på golvet,
og lar dei mørke tankane få overhand ei lita stund, før eg strammar meg opp
att, finn det eg skal ha og set kursen mot kassene.
Eg ser meg rundt i lokalet medan eg står i køen og
ventar på tur. Då ser eg at læraren min kjem inn døra, og eg prøver å gjere meg
så liten som råd, bak den gamle mannen som står framfor meg. Ser læraren meg
stå her i butikken midt i tredje time, får eg nok merknad nummer litt for
mange. Sakte snur eg meg rundt, går ut forbi nabokassa og prøver å snike meg ut
døra med ryggen til disken der læraren min står og puttar eple opp i ein pose.
Då går alarmen.
Tretti minutt seinare sit eg på kontoret til
butikksjefen. Politimannen ser på meg med ei streng mine, og læraren står på
gangen og snakkar i telefon med far min. Eg har prøvd å forklare at det var eit
uhell, at eg ikkje tenkte meg om og at eg aldri hadde tenkt å stele noko i
butikken. Til inga nytte. Verken butikksjefen eller politimannen trur meg, og
læraren min har hengt seg opp i både tjuveriet og fråværet frå undervisninga.
Eg har forstått, klart og tydeleg, at dette kjem til å få fylgjer. Eg sukkar og
synk lenger ned i sofaen. Verre enn dette kan dagen ikkje bli, tenkte eg. Så
feil kan ein ta.
Til slutt lar butikksjefen meg gå, med tydelege
løfter om at eg kjem til å høyre meir frå han seinare. No har han både adresse
og telefonnummer på notatblokka si, og politiet veit kva saka gjeld. Eg må
berre ikkje komme der og prøve meg igjen! Som om eg hadde tenkt på det.
Skuleklokka ringjer inn etter matfriminuttet, og i
det same set eg beina mine på den slitte dørmatta ved inngangsdøra. Med luta
skuldrer og lite livsmot traskar eg nedover gangen, og rekk heilt fram til
knaggrekka mi før eg kjenner to tunge hender på skuldrene mine. Eg vert snudd
rundt, og ser rett inn i auga til Knut og Stian. Dei er store, dei er sterke og
dei er ondskapsfulle. Dei har gjort livet mitt surt heile dette siste
skuleåret, og det verste av alt er at dei går i 8. klasse. Verre audmjuking går
det vel ikkje an å få for ein 10. klassing, ennå bli sett på hovudet ned i
toalettet av to 8. klassingar. Likevel er det akkurat det som er i ferd å skje
no, berre to pinefulle minutt etter møtet vårt i gangen. Nok ein gong møter eg opp til fjerde time med
vått hår og våt t-skjorte, og nok ein gong nektar eg å forklare for nokon
akkurat kva som skjedde.
Læraren min er tilbake på skulen, og ber meg setje
meg ned på plassen min. “I ettermiddag treng vi ikkje bøkene lenger!” seier
læraren min, og eg kikkar rundt meg. Det ser ut som alle dei andre i klassen
forstår kva han snakkar om. Eg forstår ingenting. Maya tappar fingeren mot
hovudet, lenar seg mot meg og kviskrar: “Ekskursjonen, brødhovud!” Ekskursjonen, ja. Den har eg
prøvd å fortrenge i to veker no, og særleg det faktum at eg skal jobbe på
gruppe med Maya og Jørgen. Dei to er dei mest irriterande klassekameratane det
går an å få. Maya med sin betrevitande haldning, og som er aller mest
irriterande fordi ho faktisk veit betre. Og Jørgen, som knapt har skrive fire
samanhengande ord sidan vi begynte på ungdomsskulen. Han går rundt med iPoden
som ein ekstra kroppsdel, og skyv svært sjeldan luggen til side for å sjå kva
som skjer i verda elles. No skal vi på ekskursjon, til Neverdalsfjellet. Dei av
oss som vil, kan også gå nedom Preikestolen på vegen tilbake, og Maya vil
sjølvsagt veldig. Vi har vore der på klassetur så utruleg mange gongar før, at eg
gav Maya eit hardt spark på leggen då ho sa ho ville sjå utfor kanten endå ein
gong. At det går an. Ho sparkar sjølvsagt tilbake, men treff lenger oppe på
beinet mitt, like under kneskåla. Det er så vondt at eg held på å skrike ut av
berre smerte. Eg klarar å stoppe i siste liten, og haltar etter dei andre ut av
klasserommet.
På skuleplassen står tre store turbussar lina opp.
Klassen vår skal inn i den første bussen, og alle prøver å komme inn på same
tid. Sidan eg fortsatt har vondt i kneet, fristar det ikkje å hive seg med i
kampen. Eg ventar difor tålmodig til køen er vekke, og går sist inn på bussen.
Alle setene bakover i bussen er opptekne. Berre eit sete er ledig, og eg innser
at eg må sitje der. Ved sidan av Ivar. Heile vegen til Preikestolhytta. Eg set
meg med eit sukk, og prøver å late som om Ivar er luft. Han ynskjer ikkje å
leike den same leiken, så når han begynner å prate om kor spennande det blir å
utforske plantelivet på Neverdalsfjellet, let eg att auga og prøvar å sove. Det
er ganske vanskeleg, for eg har ikkje sove så reint lite førre natt. Heldigvis
er eg god til å late som.
Resten av turen går om lag som forventa. Det er
kjedeleg å gå rundt og leite etter blomar, og maset til Maya gjer det ikkje
noko betre. Jørgen loffar etter oss, på fire meters avstand. Han løftar ikkje
ein finger for å hjelpe oss, men det hadde vi heller ikkje rekna med. Vi er
liksom ei tomannsgruppe med tre personar. Han vaknar ikkje til live før vi står
nede på sjølve Preikestolplatået. Då løftar han luggen til side nokre minutt og
stirrar utover Lysefjorden. “Skal vedde på at du ikkje tør sjå utfor kanten!”
seier han plutseleg, snudd mot meg. Det er kanskje det første eg har høyrt han
seie dette skuleåret, og eg skvett nesten av lyden. Eg høyrer utfordringa i
stemma hans, og veit at dette er eit veddemål eg kjem til å vinne. Eg har sett
utfor kanten mange gongar før, og er ikkje spesielt redd for høgder. Difor
smiler eg berre til han, går fram mot kanten, legg meg på magen og stirrar ned
på steinane og vatnet seks hundre meter under meg. Det er som eit sug i magen,
og eg tenkjer på korleis det må vere å fly som ein fugl. Tenk å kunne sveve i
slike høgder, og likevel ikkje måtte vere redd for den harde bakken langt der
nede!
Denne dagen har vore den verste eg har opplevd, så
langt. Alle tinga som har hendt meg, på berre nokre få timar, har slått botnen
ut av tilværet mitt. Likevel, ingenting av det som har skjedd slår det som
skjer i det eg skal reise meg opp att frå kanten. Eg akar meg bakover, slik at
eg står på kne og har henda i bakken. Så løftar eg den eine foten fram, slik at
eg får den under meg. Det er i alle fall det eg prøver på, men nokon, eg
mistenkjer Jørgen, har knytt skolissene mine saman. Når eg dreg i foten, skjer
det ingenting. Ingenting anna enn at eg mister balansen, fell framover utan å
klare å ta meg for. Farten er for stor, og sidan beina er bundne saman, klarar
eg ikkje stoppe rotasjonen. Eg rullar over til høgre. Utfor kanten. Utfor
kanten til det seks hundre meter høge stupet. Eg høyrer hyla forsvinne høgt
over meg.
Lufta strøymer rundt fjeset mitt. Verda er grå, og
eg kan sjå bakken nærme seg. Om nokre sekund er det slutt. Eg er livredd, men
rekk ikkje tenkje på anna enn kor glad eg er for at denne dagen snart er slutt.
tirsdag 14. februar 2012
Slavehandel og god litteratur
Som menneske flest er eg ganske lett å lure. Ikkje i den forstand at folk klarar å lure frå meg store pengesummar, eller får meg til å tru på kva som helst. Eg er ganske firkanta som person, så eg trur nok at det tvert om er ganske vanskeleg å innbille meg noko som virkar usannsynleg... Likevel er eg lettlurt, i den forstand at eg lett ser på verda rundt meg og tek det som sjølvsagt at slik den er no, var den i går og vil fortsatt vere i morgon. Og i den forstand at når eg ser eit vakkert landskap, som det på bildet til høgre, har eg vanskeleg for å tru at naturen kan gøyme på ei ondskapsfull fortid. Det ser så vakkert og fredeleg ut, og eg tenkjer: Tenk å vere der, då!
Likevel skjuler landskapet mykje liding. Bildet er frå Sierra Leone, eit fattig land med ei blodig historie. For eksempel var det borgarkrig i landet på 1990-talet. Då sprang det rundt soldatar med våpen i skogen i bakgrunnen. Viss vi går endå lenger tilbake i tid, til 1700-talet, vart det drive storstilt slavehandel og slaveeksport frå kysten av Sierra Leone. Kanskje vart nokon av slavane ført i lenker over akkurat desse strendene?
Eg har akkurat lest ei opprivande bok som heiter "Noen kjenner mitt navn". Boka startar i ein liten landsby inne på det Afrikanske kontinentet. Verken hovudpersonen eller vi som lesarar får vite akkurat kor denne landsbyen ligg. I elleve år bur Aminata i landsbyen, og lærte blant anna jordmoryrket av mora si. Så ein dag vert ho teken til fange, og ført til kysten i Sierra Leone. På Bance Island, eit historisk kjent slavefort, vert ho ført ombord i eit slaveskip og sendt over havet til South Carolina i det som etterkvart vart USA. Det er ei hjerteskjærande historie som vert fortalt, frå ho vert teken til fange, ført over havet og sett i slavearbeid på ein Indigoplantasje. Livet der er hardt, men samtidig lærer ho å lese, og ho giftar seg med ein gut ho reiste over havet saman med. I lag får dei ein son, og livet er tilnærma godt i nesten eitt år.
Ein dag vaknar Aminata opp til ei tom barneseng, og oppdagar at herren hennar har solgt sonen til ein annan... Akkurat det punktet var for meg det hardaste i heile boka. Her er mykje liding, blod og djevelskap, men ingenting slo så hardt inn i mitt farshjerte enn då ho vart fråstelt sonen sin. Personleg veit eg ikkje om eg hadde klart å fortsette, og livet fell sjølvsagt saman også for hovudpersonen i boka. Det endar med at herren hennar sel henne vidare, og vi følgjer ferda vidare til Charles Town, New York, Nova Scotia, Freetown i Sierra Leone og til slutt London.
Boka fortel ei sterk historie, som bør bli lest av mange. Det er heller inga ulempe at språket er godt, og historia fortalt på ein måte som gjer at ein nesten kjenner luktene og smakane, og nesten kjenner hovudpersonen sine kjensler i sin eigen kropp.
"Noen kjenner mitt navn" er ei historie som fortener å bli lest.

lørdag 11. februar 2012
Svart
mandag 6. februar 2012
Bakgården min
Ein bakgård med søppel
skrot
og rusta jern
Eit skur av råtten plank
og ein usopa bakgårdsplass
Slik er hjarta mitt
Men i bakgården
strøymer det lys over kanten
Lyser på lauva
Lagar eit vakkert maleri og
dekkjer skrot og søppel
Gjer krav på det som sitt
Slik er Gud
Eit av dei første dikta eg skreiv, den gongen eg sat ung og einsam på ein liten hybel i Ålesund, og lurte på kva eg skulle finne på. Ord har vore ein naturleg del av livet mitt så lenge eg kan hugse, men då mest i form av bøker eg har lest. Sjølv om eg likte å skrive, og var glad i å lese dikt, hadde det aldri før vore ein naturleg tanke å skrive dei sjølv. Så sit eg der då, ser ut vindauget. Første verset er ei ganske presis skildring av utsikta mi, og den gjorde meg ikkje akkurat meir oppløfta... Men mens eg sit der og stirrar, kjem det plutseleg ein sprekk i skylaget over byen, og sola kjem fram med lys og varme. Over murkanten rundt bakgården strøymer det plutseleg flotte stråler som fell på både skrot og lauv. Plutseleg vert bakgarden forvandla, frå ein trist og grå stad til eit ganske fint bilde. Humøret mitt stig, og eg må takke Gud for oppmuntringa. Så fann eg fram papir og blyant, og skribla ned orda som er gjengitt over.
Sjølv i dag, tretten år seinare, ser eg fortsatt for meg utsikta frå hybelvindauget mitt. Eg tenkte mange tankar ved det vindauget, og sendte mange bøner opp til Gud. I dag er eg uendeleg takknemleg for den vegen Han førte meg vidare, som har leia fram til der eg er i dag og saman med dei menneska eg er i lag med her. Den litt triste dagen ved vindauget var starten på ein langt meir spennande veg enn eg kunne sjå føre meg!
fredag 3. februar 2012
Når Guds bustad står tom
Eg har gitt meg sjølv ei utfordring, nemleg å lese heile Bibelen dette året (Sjå her korleis det går) Foreløpig går det greit, og eg har lest ein del tekstar som det er ei god stund sidan eg las sist. Ein av desse tekstane, er profeten Haggai. Eg har lese han før, men det er neimen ikkje ofte eg har vore innom boka...
Då eg las den heller korte boka tidlegare i veka, var det særleg ein ting som festa seg i hjernen min og som eg har tenkt på dei siste dagane. Det meste av det eg les festar seg naturlegvis ikkje så veldig godt. Eg har stor tru på det å lese for eksempel eitt eller to vers, og bruke god tid på dei. Då festar dei seg, og ein kan oppdage nye djupner i versa. Sidan eg no i staden tek sikte på mengdelesing, støttar eg meg til noko ein forkynnar sa i ein tale eg høyrde for mange mange år sidan. Han snakka om noko som eg vel å kalle for "bibelvasking". Det å lese ein bibeltekst kan av og til følast som å setje beina ut i ei elv. Vatnet kjem, stryk mot huda og forsvinn att. Minnet om dei enkelte dropane er borte, og når ein stig opp att frå vatnet, tørkar beina raskt og ingenting av vatnet er att. Likevel har vatnet gjort noko med beina. Dei har vaska dei! Eg har eit veldig ambivalent forhold til ordet "hjernevask". Først og fremst har det ein del negative assosiasjonar, der kunnskap om terrorregime og torturmetodar spelar ei sentral rolle. I ein slik samanheng handlar hjernevask om å øydeleggje ein person. Noko forferdeleg og grusomt. På ei anna side kan hjernevask, i ei anna tyding, vere positivt. Viss ein "vaskar" tankar, haldningar og samvit i Guds ord, slik at dei står rettare, reinare og meir realistiske tilbake, vil ein ikkje oppleve å bli øydelagt. Tvert om, ein blir reparert og sett i stand til å møte verda med meir pågangsmot og meir omsorg.
Ok, tilbake til Haggai... Kapittel 1, vers 6:
De sår mykje, men haustar lite,
de et, men blir ikkje mette,
de drikk, men sløkkjer ikkje tørsten,
de kler dykk, men blir ikkje varme.
Og leigekaren får si løn
i ein pung med hol i.
Snakk om trøblete kvardag! Ein et, drikk og kler seg, men oppnår ikkje det ein håpar på. Det er noko som manglar, men same kva ein gjer klarar ein ikkje å stille dei behova kroppen har. Og på toppen av alt er ein gjerrig og uærleg, og betalar leigekaren på ein måte som gjer at han ikkje får nokon ting... Profeten skildrar det som ein annan profet, Hosea, kallar "Jag etter vind". Å jakte på noko ein aldri vil klare å fange. Haggai skildrar eit tomt og meiningslaust liv, der ein strevar og strevar, men aldri oppnår det ein lengtar etter. Og kvifor oppnår ein aldri måla sine?
I vers 9 kan vi lese:
De ventar mykje, men sjå, det blir lite.
De får avlinga i hus, men eg blæs henne bort.
Kvifor? seier Herren over hærskarane.
Fordi mitt hus ligg i røys
medan de har det travelt med dykkar eigne hus.
Grunnen er klar, seier Gud. Ein tenkjer berre på å fylle eigne behov, og lar Guds hus ligge i ei røys (Haggai var profet i tida etter at babylonarane hadde øydelagt tempelet og bortført folket).
Desse versa festa eg meg ved, for eg syns dei er ei så presis og god skildring av menneske, også oss som lever 2500 år etter. For kva er det eigentleg dette handlar om? Kor er Guds bustad i dag? I 1. Kor 3,16 står det: "Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?"
Kvar enkelt av oss er, eller skulle vore, eit tempel for Gud. Når vi slepp Gud til, vil han bu i oss, og vi vert omgjort til ein vandrande bustad for Guds Ande, som vil rettleie og vise oss den rette vegen (Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på den konkrete vegleiinga som vi av og til, men slett ikkje alltid, kan oppleve at Gud gir. Nei, når Anden peikar på den rette vegen, peikar han på Jesus. Kva er viktigast for Gud: at vi bur i Moss, Bergen eller Tromsø? eller at vi har augene festa på Jesus?)
Når Guds bustad står tom, byrjar det å melde seg ein del problem. Same kor mykje ein drikk, vert ikkje tørsten sløkt. Same kor mange religiøse retningar og andelege vegleiarar ein fyljer, vil ein ikkje finne fred i hjartet. Same kor stor suksess ein oppnår i arbeidslivet, vil ein ikkje kunne bli verkeleg tilfreds. Same kor mange pengar ein sopar inn på kontoen, vil ein aldri kunne bli metta. For kva slag fred kan pengar, suksess, venleik, makt eller religiøs streben kunne gje oss? Ingen verdens ting. Berre jag etter vind, eit nyttelaust strev etter noko ein aldri vil oppnå. (Når eg skriv desse orda, tenkjer eg spesielt på det o store idealet i vår tid: Det å ha ein veltrent, sunn, frisk og ikkje minst vakker kropp, som andre kan beundre og gje positive kompliment. Og så den medfølgande angsten for å falme, bli gamal og sjuk. I media oppfattar eg ein slags angst for det å ikkje vere fin og populær, og blant ungdomane er dette idealet ein tyrann som øydelegg sjølvbildet til alle dei som ikkje strekk til. Tenk om vi som kristne kunne klare å overbevise omverda om kva som er verkeleg viktig, og kva som kan gje verkeleg fred og verkeleg fylle lengten i hjarta!)
Det einaste som kan gje fred, er når Guds bustad er busett av Han som kan gje det levande vatnet, slik at ein aldri meir vil tørste (Joh 4, 14: "Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv")
Først når Gud bur i deg, og er Herre over livet ditt, vil du kunne finne den verkelege meininga med livet. Og den verkelege freden i hjarta.
Som regel, når det gjeld viktige sanningar i Guds ord, er ein sjeldan den første som tenkjer tankane... Og ofte er det laga flotte songar som set ord, andre ord, på det same tema. Det gjeld berre å finne dei. Ta for eksempel denne songen, av ei av mine favorittgrupper, Petra. "The longing" handlar nettopp om lengten etter meining i livet, og kven som kan tilfredsstille denne lengten.

onsdag 1. februar 2012
Truvedkjenning
Dagens bibelord er den jødiske trusvedkjenninga, og Guds sterke oppfordring til å hugse kva ein trur på og gje det vidare til borna:
"Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt. Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke. Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine." (5. Mos 6, 4-9)
- Gøyme orda i hjarta ditt
- Innprente dei i borna
- Snakke om dei når du er heime
- Snakke om dei når du går på vegen
- Snakke om dei når du legg deg og står opp
- Binde orda om handa, og bere dei på panna
- Skrive orda på dørstolpane og på portane
Eg trur ikkje nokon av oss hadde gløymt Gud om vi hadde fulgt desse råda. Og om vi ikkje gjer alt heilt bokstavleg, er bodskapet klart: Dette er viktige ord, som vi må hugse på, gje vidare og bekjenne for våre medmenneske.
Personleg er eg veldig glad i den apostoliske truvedkjenninga. Ikkje berre fordi det knyter seg sterke kjensler til det å seie den fram i kyrkja. For det gjer det. Det er noko heilt spesielt å kunne stå saman med andre og bekjenne trua på Gud, Jesus og Den Heilage Ande. Det er ein så viktig del av livet mitt, ja den viktigaste delen. Likevel, den viktigaste grunnen til at eg er glad i truvedkjenninga, er at den har, heilt konkret, hjelpt meg over nokre vanskelege kneiker i truslivet mitt.
Særleg gjeld dette den perioden av livet mitt der eg fortsatt var ung og usikker på meg sjølv og kva eg stod for, og tidvis var usikker på om eg var ein god nok kristen eller ikkje, og om eg trudde rett. Og frå tid til anna har eg også tvilt på om eg faktisk trudde, om kunne kalle meg ein kristen.
Då var truvedkjenninga god som gull å ha. Eg sette meg ned, og gjekk gjennom truvedkjenninga punkt for punkt: Eg trur på Gud Fader, den allmektige (Ja, trur eg at det finst ein allmektig Gud? Så ransaka eg hjernen og fornuften og hjartet, og det eg veit om verda og det eg har lært om Gud heilt frå søndagsskulen av. Så konkluderer eg. Og konklusjonen har vore, kvar einaste gong: Jo, eg trur. Eg har ingen grunn til å tvile på Guds eksistens, mest fordi alternative er for usannsynlege og fjerne frå den verkelege verda. Altså: Eg trur på Gud Fader, den allmektige.) Så går eg vidare til punkt to: Som skapte himmel og jord, og evaluerer på same måte.
Når eg så har gått gjennom heile truvedkjenninga, og funne ut at joda, eg trur på alt dette, finn hjartet tilbake til kvila og freden i Guds nåde: Eg trur det same som kristne gjennom heile historia har trudd, og eg kan vedkjenne alle punkta i truslæra.
Det er godt å ha ei slik konkret og handfast oppsummering av den bibelske læra om Jesus!
Ein annan ting som kan vere trusstyrkande (veldig!) er å høyre på musikk. Riktignok viss tekstane er bibelsk fundamenterte... Ein artist eg har høyrt ein god del på, og som har vore med og styrka trua mi, er Rich Mullins. Han døydde, dessverre, i 1997, men rakk å gje ut svært mange gode songar den tida han fekk på jorda. Ein av desse songane, er songen "Creed", som handlar nettopp om trusvedkjenninga. Ein flott song!

Abonner på:
Innlegg (Atom)