mandag 23. desember 2013

Evangeliet ved nissen

1
Den fyrste nissen sit
på låven, ventar på graut

Han er litt sur, han er litt sint
- kvifor tek det heile så lang tid

Og trugsmåla sit tett i kveld;
Her vil ikkje bli mykje gjort, viss ikkje...

Folka på garden er litt redde,
tenk om han ikkje vert fornøgd -

2
Den andre nissen sit
på ein krakk og pakkar sekken sin

Mat og klede, det som enn måtte mangle
i heimar med svoltne born og triste vaksne -

alt det legg han i sekken sin
og legg ut på ei vandring i byen

Han går i det skjulte, er anonym,
så folka må undre - kven er han?

3
Slik går biskop Nikolaus
frå hus til hus, slengjer gåver inn vindauga

medan fjøsnissen trampar utålmodig med foten,
vil ha meir, vil ha meir, vil ha meir -

4
Og kanskje har du høyrt nissen spørje:
Har du vore snill i år?

Men svaret du gir er lite interessant,
så lenge du rekk fram hendene og tek imot gåva -
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar