Til dei
enklare tidene
Den gong
middagen stod på bordet
Utan at
eg måtte gjere noko for det
Den gong
barne-tv
Var det
einaste interessante på tv
Og eg
ikkje trengte vurdere
Når eg
skulle legge meg
Den
gongen hadde eg laurdagspengar
og enkle
økonomiske val
Ville eg
vere i fred
låste eg
døra til rommet mitt
På tv
sat barne-tv dama i ro
Og
annonserte med høgtideleg stemme
(Det,
som mykje anna, er betre i dag)
Og
vérmeldinga såg slik ut:
Vidar Theisen, 1933-2012 |
Vidar
Theisen meldte solskin
Eller
regn
Og
flytta rundt på symbola
Heilt
manuelt
Eg
hugsar eg ynskte eg hadde ei slik tavle
Kanskje
på rommet mitt
Kunne
snurre den rundt
Og
flytte symbola dit eg ville
Bror min
herma etter Theisen
Eg trur
ikkje han hadde blitt fornærma
hadde
han høyrt det
Vi likte
nemleg Theisen – det var noko med han
I dag
lengtar eg tilbake
Til dei
enkle dagane
Men
dagane kjem aldri attende
Heller ikkje
Theisen
Eller snurrekartet