Eg ikkje
treng sloss for
Ein arv
som ingen kan ta
Protestere på
Anklage meg for å ha stelt
Eller lurt til meg
Eg har
ein arv
Ein enorm,
umåleleg arv
Som gjer
meg rik
Rikare enn
du kan drøyme om
Så rik
at eg sprenger skalaen,
Same kva
for ein skala du bruker
Eg har
ein arv
Ei ufortent
gåve
Gitt til
meg, i kjærleik
Eg deler
den gjerne, for
den vert
aldri mindre
same kor
mykje eg gir
Ein dag
har eg ikkje lenger bruk for pengar
Eller hus
eller bil eller noko
Då skal eg
leve vidare
På ein
arv
Som aldri
tek slutt
(Spontandikt etter å ha lest denne artikkelen i Aftenposten: I over 20 år feiret jeg jul med Urdahl-ekteparet. Det er mange ting i livet eg er takknemleg for. At eg slepp å tenkje på millionar er ein av dei.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar