
I Jesaja 49 finn vi desse versa:
13 Jubla, du himmel, og gled deg, du jord,
bryt ut i jubel, de fjell!
For Herren trøystar sitt folk
og viser miskunn mot sine hjelpelause.
14 Sion seier: « Herren har forlate meg,
Herren har gløymt meg.»
15 Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn,
ei omsorgsfull mor det barnet ho bar?
Sjølv om dei skulle gløyma,
skal ikkje eg gløyma deg.
16 Sjå, eg har teikna deg i hendene mine,
murane dine er alltid framfor meg.
Gud viser miskunn mot sine hjelpelause. Han trøyster og gløymer oss ikkje! Det er eit sterkt bilde som vert present i vers 15. Ei mor gløymer ikkje barnet sitt! Barna er gøymde djupt i hjarta, og kan ikkje viskast ut. Og om det skulle skje, om det skulle vere ei mor som gløymer sitt eige barn, så gløymer ikkje Gud oss!
Han har teikna deg i hendene sine, og har alltid augene festa på deg. Gud er ein Gud som bryr seg. Han gløymer deg aldri ut.
Då er det trygt å vere menneske, for Gud er ein nådig Gud.
Flott skrevet, som alltid. Det er godt å hvile i Guds nåde. Til enhver tid.
SvarSlettGod helg til deg og dine - og takk for kjempefin kommentar hos meg for noen dager siden :))