krype ut av skalet
plante eit frø
i nypløgd jord
sjå kor greinene strekk seg
mot ein umogleg blåfarge
felle ei tåre
sjå dråpen falle gjennom lufta
lande på fjellgrunn
verte knust i tusen bitar
lyfte blikket under stjernene
sjå blåfargen henge som eit banner
frå skjelvande greiner
kjenne ankeret finne feste
gå inn i sin nye heim
i skuggen av eit anna treKol 1, 27: Gud ville kunngjera for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar