1
dei svikefulle auga
ser det dei vil
og ventar
speidar inn i natta
etter skuggar av kjente konstruksjonar
kneisande mot horisonten
ser det dei ventar;
det dagslyskjente, nære
dei avgrensa dimensjonar
og glir att, i trygg visse
om stillstand og ro
og uforanderleg kontinuitet –
2
så stig lyset;
svarte natta
vert til dag
byggverk fell
det kjente vert forvandla
og mørket flyktar
men dei svikefulle auga
nektar tru det dei ser,
vender seg ei anna leid, ventar
utløysing og tilbakestilling
til gårsdagen, slik
verda er i alle minne –
3
alle ting er endra;
det kjente forsvinn
noko nytt trer fram
og dei svikefulle auga
må vennast til det nye
tvingast til erkjenning –
så lyder ropet i natta,
før alt dette hender
medan verda endå er kjent:
vak, menneske, vak
og ver klar til oppbrot, endring
av bakteppe for alle ting!
Matt 25, 6 og 13: Men midt på natta høyrdest eit rop: 'Brudgomen kjem! Gå og møt han!'- Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar