over djupet var det
ikkje dine eigne byggverk
som bar deg
då det verkeleg gjaldt
og alt håp du hadde var ute
av dine eigne hender
var det andre lover i naturen,
ei anna kraft som verka inn
enn lovene i fysikkboka
og det som var så skjørt
som di eiga tru, vart forvandla
til ei gate av gull –
over djupet visste du det var
ikkje dine eigne krefter
som bar deg
Matt 14, 28-31:
Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?»

Har nettopp kommet over denne siden din. Utrolig fine og sterke dikt! Dette var veldig oppmuntrende. Glad vi kan stole på Gud, han svikter ikke. Blessings
SvarSlett