desse orda er ein vegg
mellom den blanke kunnskapsløysa
og eldgamle sanningar, skrivne
svart på
kvitt
på huda;
Jesus, bøygd
over mine eigne føter
med vatn i hendene
og kjærleg vaskar han vekk støvet
frå tusen bakgater,
strevsame dagar og arbeid
for å få mat på bordet
dette er eit lerret
tømt for alle mine mislukka forsøk
på å skildre verda;
ei blank flate
og nye fargar
og Jesus, bøygd
over mine eigne føter
med eit kjærleg blikk
vaskar han vekk alt som gjekk gale
langs vegen
som førte meg hit;
tusen ulike snublesteinar
og eg trakka på dei alle –
desse orda er ein vegg
og dette arket er eit lerret;
ingenting av det eg har opplevd
vil feste seg her,
for Meisteren står på kne, kjærleg
midt i min eigen kvardag
Joh 13, 6-7: Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»
7 Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar