lørdag 29. april 2017

Børa #2

der er eit auge som ser
frå uendelege høgder

eit hjarte som bankar
for syna han ser

der er ei stemme som lyser
inn i mitt mørke

eit ord som kan bygge
heilt til hjartet mitt lyser

der er ein rygg som lyfter
ei bør som var mi

lyftar den høgt – og bort
kor eg elskar denne ryggen som lyfter!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar