lørdag 29. april 2017

Børa #3

børa er svart
som den svartaste natt
og natta er lang og mørk

børa er tung
som det tyngste lodd
og loddet dreg hjartet mitt ned

børa er stor
som dei ravande fjell
og fjella dei stengjer for sikta

men børa vert lyfta
på ein blodpiska rygg
og ryggen er luta mot døden

men børa vert sletta
mørket vik for eit rop
og ropet er eit friande ord

eit sigersrop: Alt er fullbrakt!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar