søndag 27. august 2017

Vi veit det




pottemakarhanda er stødig;
leira snurrar, vrir seg
freistar presse seg ut
av posisjon og formål

du veit det
det er der du er
og spørsmåla
om mål og meining vaker
like under overflata

pottemakarhanda held fast;
leira vaklar, snublar
leitar forvirra rundt
etter ståstad, haldepunkt

eg veit det
det er der eg er
og løysinga
på all mine spørsmål
er å finne der ute

i den trufaste pottemakarhanda




Ef 2, 10: 
For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

lørdag 19. august 2017

Alle mine vegar




alle mine vegar, Gud
går på kryss og tvers
gjennom atlaset – først hit
sidan tilbake;
aldri finn hjartet mitt ro
langs denne reiseruta
dei kallar livet

for alle mine vegar, Gud
fører meg aldri heilt fram
dit eg ynskjer å vere
og aldri heilt attende
der eg ynskjer å vende tilbake
- alltid er det noko som stengjer,
noko som held meg att

og eg veit at desse murane strekk seg
gjennom mitt indre landskap,
for eg har sjølv sett dei opp – dei fleste
men eg veit ikkje korleis
dei kan byggjast ned att, Gud

så no stoppar eg her, akkurat her
midt i vegen, midt i verda, midt i livet
og opnar nevane, slepp alt eg ber på;

tek av meg skoa, her
i audmjuk erkjenning av mine feilslåtte val
og opnar hjartet, Gud
så du kan bere meg resten av vegen
i riktig retning – heilt fram




Matt 23, 37:  Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.
 

lørdag 12. august 2017

Ein av dei sjuke


dag inn
dag ut
 

bedøvd
apatisk 
 

følg meg
kom
 

søndag 6. august 2017

Kom


midt i mitt strev
mitt arbeid,
i mine puslete forsøk
på å bygge, reparere
lage meg ein veg
gjennom livet

midt i mine planar
mine håplause prosjekt,
overdimensjonerte
draumar om lukke
og noko – noko
eg ikkje klarar å definere

noko som er større enn meg –
kanskje

midt i min redsel
for å ikkje strekke til,
i mine netter fylt med gråt
og tvers over alle mine kart,
dei eg har teikna og endra
gjennom dagar og år
på denne jorda

midt i livet mitt
som ei monstrøs steinblokk
deisande i bakken like ved,
kviskrar du dette eine ordet
eg har lengta etter
utan å vite:
Kom!



Matt 11, 28: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!