Det er vel få forfattarar som er betre enn Lars Saabye Christensen til å skildre litt sære personar og snodige handlingar. Samtidig som personane vert stilte ut med alle sine snåle særtrekk, vert me som lesarar også glade i dei - og kanskje me kan kjenne oss litt igjen i somme av dei også.
I romanen Magnet møter me fotografen Jokum Jokumsen, som saman med kona Synne Sager slår seg ned i San Francisco. Der slår han gjennom som fotograf, men sjølv vert han aldri heilt fornøgd med sine eigne merittar. Han set seg som mål å vise verda slik den er, men møter stadig på situasjonar som set prosjektet hans på prøve.
Eg-personen i romanen er ein tidlegare nabo frå Sogn Studentby i Oslo. Han ynskjer å fortelje om kjærleiken mellom Jokum og Synne, og korleis Jokum klarte å "elske henne frisk". I godt vaksen alder treff dei to tidlegare studentane kvarandre att, denne gongen som pasientar på eit sanatorium i Danmark. Det er mange spørsmål om reisa frå studentbyen, til berømmelse i San Francisco og til sanatoriet som står opne, i alle fall i starten. Gjennom glimt frå ulike delar av Jokum sitt liv, vert puslespelbrikkene lagt på plass steg for steg.
Forteljarstilen i Magnet er filosofisk. Hovudpersonane prøver å trengje gjennom fasaden og avsløre både seg sjølv og andre. Dei gjer stadige snuoperasjonar, og angeren kjem fram titt og ofte. Det er ei spennande reise Christensen tek oss med på, og eg kan ikkje anna enn både synes synd på og bli glad i dei ulike skakkøyrde skjebnene.
Med sine 780 sider er det god tid til å fordjupe seg i forholdet mellom dei to hovudpersonane og menneska dei møter gjennom livet!
mandag 8. oktober 2018
søndag 7. oktober 2018
Saman
kor startar eg kor stoppar
du
er ikkje godt å seie
i denne smeltedigelen
av felles ord og handlingar
under eit lappeteppe av kjærleik
og milde blikk
i ei hand som held oss begge oppe
saman gjennom stormen saman
gjennom desse dagane som kjem
som regn
og er milde, mjuke vårvindar
mot felles hud
Mark 10,6-8: Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp.
søndag 30. september 2018
Kjelda
lørdag 22. september 2018
I striden
Rom 15,30: Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesus Kristus og ved Andens kjærleik: Strid saman med meg ved å be til Gud for meg.
søndag 16. september 2018
Ikkje gråt
søndag 9. september 2018
Merkelappen
1. Pet 4, 15-16: Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff som mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller for å ha blanda seg opp i sakene til andre. Men lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.
lørdag 1. september 2018
Ut av ørkenen
å høyre stemma di
var å finne oasen
etter lange månadar
i minimumsmodus
ei kjølande, rennande lukke
eg kunne svale beina i
og drikke meg utørst
og vaske av støv og skit og størkna
blod
etter tapte kampar
legge bak meg det tynnslitte
hjartet
som var fylt til randa
av tunge tankar om fortid og
framtid –
lei meg vidare, du, Gud – i Ditt
landskap
der blomane spirar
graset er mjukt
og fuglane syng glade songar
om det som skal kome
Luk 10, 41-42: Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»
Abonner på:
Innlegg (Atom)



