søndag 10. mai 2015

Be, så skal du få



7 Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.
     9 Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller ein orm når han bed om fisk? 11 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

12 Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.
Matt 7, 7-12

Denne teksten inneheld eit tydeleg løfte om bønesvar frå Jesus. Samtidig er det kanskje ein av dei mest misbrukte og mistolka tekstane i Bibelen. Ut frå eit enkelt løfte som “Be, så skal de få”, kan ein trekkje den konklusjonen at viss ein ber Gud om å få noko, for eksempel å vinne i lotto, så vil ein få det ein ber om. Nesten som å putte ein mynt på ein automat, og trykkje på knappen. Dermed vil ein vinne i lotto kvar einaste veke, og bli rik! (Viss det då ikkje er mange som ber om akkurat det same, og gevinsten må delast på så mange at det ikkje vert noko rikdom av det…)

Den same problemstillinga dukkar opp viss me tenkjer oss at du ber om sol og blå himmel dagen etter. I nabohuset faldar bonden hendene samtidig, og ber om regn. Begge skal få svar, seier bibelteksten, men korleis skal det vere mogleg?

Eg trur nøkkelen til å forstå denne teksten rett, ligg i å lese alle versa samla. Jesus fortset talen sin, etter å ha gitt løftet, med å vise til korleis me møter våre eigne born. Viss dei ber om noko godt, så gir me dei ikkje noko vondt i staden! Dei fleste foreldre vil nok (håpar eg) streve etter å gje borna sine det aller beste.

Spørsmålet er då: Kva er det beste for borna? Viss son min hadde kome og spurt meg om å få 1 kg sjokolade kvar dag, så ville eg absolutt ha gitt han svar. Men svaret ville nok ikkje vore det han håpa på å få. Eg ville sagt: Du skal få sjokolade, men du må vente til laurdag. Og du får nok ikkje eit heilt kilogram…

Eg har høyrt det sagt, at Gud gir tre moglege svar på våre bøner: Ja, nei og vent. Det er mykje sanning i dette, det ser me raskt viss me samanliknar med våre eigne svar. Born spør gjerne om mykje, for det er så mykje som kunne vore kjekt å ha og gjere. For eksempel er det svært naudsynt å bruke ordet “nei” temmeleg ofte dei gongane me er innom leikebutikkar. Samtidig kan det jo hende at eitt av ynskja dukkar opp i ein pakke på bursdagen. Bøna vart høyrt, og fekk i si tid eit “ja”.

Med tanke på kor lite oversikt me menneske har over liva våre, kor egoistiske og korttenkte me ofte er og kor ofte me ber om ting som ville vore skadeleg for oss sjølve og andre, trur eg det er godt at Guds svar ofte er “nei”.

I vers 12 finn vi “Den gylne regel”. Jesus seier at me skal vere mot andre, som me vil at dei skal vere mot oss. Det kan vere nyttig å stikke fingeren i jorda og tenkje godt gjennom – kva er det viktigaste for meg? Kva er det verkeleg eg treng? Kva er det beste som kunne vore gjort mot meg?

Og så, etter å ha konkludert på spørsmåla, rette blikket utover til medmenneska våre og gje dei dette gode som me ynskjer. Då tenkjer eg både på dei me har rundt oss i kvardagen, men også dei menneska som lever i fattigdom, i svolt, i ufridom og andre typar naud rundt om i verda. Menneske er nemleg temmeleg like når det kjem til dei viktigaste behova. På denne måten kan me vere kvarandre sine bønesvar.



(Også publisert i spalta "Helgetankar" i Suldaslposten, fredag)

Søke og bli funnen

Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. (Matt 7, 7-8)




Søke og bli funnen 

Herre, eg søkte dine vegar
dine ord leia meg
på ukjente stiar,
gjennom terreng
framandt for mine føter
og utsikt med nye fargar
for mine trøytte auge

Herre, eg søkte og leita
trudde eg ville nå fram
på desse stiane,
at du var å finne –
men der var det du 
som fann meg


søndag 3. mai 2015

Så vaks ordet i meg

de planta ordet
djupt i hjarta mitt
den gongen heime var heile verda
og verda var ein trygg stad

så vaks eg
og trua slo rot
vatna av eit utal bøner,
timar over ein open bibel

så vaks trua
den vart til noko større;
veggane heime vida seg ut
og verda tok ei anna form

så vaks verda
ut av hendene mine,
alt vart så uformeleg og vanskeleg -
men trua spira, breia ut sine greiner

så vaks vissa
om ein skjulestad
for brennande sol og plaskande regn
- og verda vart ein leveleg stad

så vaks håpet,
rotskot frå treet i hjarta
og verda krympa, vart transparent,
ein stoppestad på vegen - mot noko større!






Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg samanlikna det med? Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»

Luk 13, 18-19

søndag 26. april 2015

Møte det nye

vi kjente ei rørsle i bakken
ei svak rumling
frå noko ukjent

såg kvarandre i auga,
såg tvilen som vaks
bak vide pupillar

        kunne det vere
        at det er
        noko meir, noko usett -

        for auga er ikkje mette
        ikkje endå, på langt nær
        og opne for erkjenningar

        kanskje er det
        at noko nytt, umerkeleg
        veks i den skrinne hjarterota -

og vi stogga, slo leir
venta med tomme hender,
klare til å møte det nye


søndag 19. april 2015

Utanom porten

«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene.

Joh 10, 1-2


Utanom porten

eg såg ein ulv
i gjetarkleda,
han klatra over
ein skyhøg mur
han gjekk forsiktig
på sikre føter
og landa stille
i doggvått gras

eg høyrde stemma
frå grunne vatn,
den lova fred
til kvar minste sau
han tala roleg
med fjørlett stemme
og lulla heile
sin flokk i søvn

eg såg ein port
og ein annan gjetar
han stod og kalla
på sine får
eg tenkte, skund dykk
gå ut av snara
før ulven et dykk
med hud og hår -


søndag 12. april 2015

Har du noko val

ja, kva gjer du -
når det vert teikna ein mur
framfor auga dine
og han seier
denne muren må du klatre

- og det vert teikna eit hav
framfor auga dine
og han seier
dette havet må du symje

og så, når det vert teikna eit tornekratt
framfor auga dine
og han seier
det er dette som er vegen du må gå

kva ord skal du då bruke,
kor skal du vel rette blikket

når det vert teikna eit kors
framfor auga dine
og han seier
dette korset må du bere, til sist
skal det verte din død -

kva seier du då,
har du noko val -

når det vert teikna ei hand
framfor auga dine
og han seier
desse skal bere deg, heile vegen -





Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

Joh 21, 18-19 


mandag 6. april 2015

Tomas 2.

eg er Tomas den andre
med auge som aldri får sjå
og hender som aldri får ro

eg er den som går over slettene
kjenner kveldsvindane stryke
så lett så lett - og veit

at det usynlege, umerkelege
er der, og at det ukjennelege
likevel står der, fastare enn fjell

for eg er Tomas den andre
i fotspor som passar til mine
på vegar eg ikkje har valt -


Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. Men han sa til dei: «Kvifor er de så urolege, og kvifor vaknar tvilen i hjarta dykkar? Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» 

Luk 24, 36-39