søndag 10. mai 2015

Be, så skal du få



7 Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.
     9 Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller ein orm når han bed om fisk? 11 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

12 Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.
Matt 7, 7-12

Denne teksten inneheld eit tydeleg løfte om bønesvar frå Jesus. Samtidig er det kanskje ein av dei mest misbrukte og mistolka tekstane i Bibelen. Ut frå eit enkelt løfte som “Be, så skal de få”, kan ein trekkje den konklusjonen at viss ein ber Gud om å få noko, for eksempel å vinne i lotto, så vil ein få det ein ber om. Nesten som å putte ein mynt på ein automat, og trykkje på knappen. Dermed vil ein vinne i lotto kvar einaste veke, og bli rik! (Viss det då ikkje er mange som ber om akkurat det same, og gevinsten må delast på så mange at det ikkje vert noko rikdom av det…)

Den same problemstillinga dukkar opp viss me tenkjer oss at du ber om sol og blå himmel dagen etter. I nabohuset faldar bonden hendene samtidig, og ber om regn. Begge skal få svar, seier bibelteksten, men korleis skal det vere mogleg?

Eg trur nøkkelen til å forstå denne teksten rett, ligg i å lese alle versa samla. Jesus fortset talen sin, etter å ha gitt løftet, med å vise til korleis me møter våre eigne born. Viss dei ber om noko godt, så gir me dei ikkje noko vondt i staden! Dei fleste foreldre vil nok (håpar eg) streve etter å gje borna sine det aller beste.

Spørsmålet er då: Kva er det beste for borna? Viss son min hadde kome og spurt meg om å få 1 kg sjokolade kvar dag, så ville eg absolutt ha gitt han svar. Men svaret ville nok ikkje vore det han håpa på å få. Eg ville sagt: Du skal få sjokolade, men du må vente til laurdag. Og du får nok ikkje eit heilt kilogram…

Eg har høyrt det sagt, at Gud gir tre moglege svar på våre bøner: Ja, nei og vent. Det er mykje sanning i dette, det ser me raskt viss me samanliknar med våre eigne svar. Born spør gjerne om mykje, for det er så mykje som kunne vore kjekt å ha og gjere. For eksempel er det svært naudsynt å bruke ordet “nei” temmeleg ofte dei gongane me er innom leikebutikkar. Samtidig kan det jo hende at eitt av ynskja dukkar opp i ein pakke på bursdagen. Bøna vart høyrt, og fekk i si tid eit “ja”.

Med tanke på kor lite oversikt me menneske har over liva våre, kor egoistiske og korttenkte me ofte er og kor ofte me ber om ting som ville vore skadeleg for oss sjølve og andre, trur eg det er godt at Guds svar ofte er “nei”.

I vers 12 finn vi “Den gylne regel”. Jesus seier at me skal vere mot andre, som me vil at dei skal vere mot oss. Det kan vere nyttig å stikke fingeren i jorda og tenkje godt gjennom – kva er det viktigaste for meg? Kva er det verkeleg eg treng? Kva er det beste som kunne vore gjort mot meg?

Og så, etter å ha konkludert på spørsmåla, rette blikket utover til medmenneska våre og gje dei dette gode som me ynskjer. Då tenkjer eg både på dei me har rundt oss i kvardagen, men også dei menneska som lever i fattigdom, i svolt, i ufridom og andre typar naud rundt om i verda. Menneske er nemleg temmeleg like når det kjem til dei viktigaste behova. På denne måten kan me vere kvarandre sine bønesvar.



(Også publisert i spalta "Helgetankar" i Suldaslposten, fredag)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar