onsdag 23. januar 2019

Audur Ava Olafsdottir: Stiklingen

Dette er ei av dei rolegaste, mest jordnære og vakraste kjærleiksforteljingane eg nokon gong har lese! Olafsdottir tek oss med inn i livet til to ungdomar som prøvar å finne ut av liva sine. Etter ei kvart natt saman, har dei fått ei dotter, men har elles ikkje så mykje med kvarandre å gjere.

Hovudpersonen, guten i forholdet, legg ut på ei reise. Han er svært interessert i plantar og hagebruk, og har fatta interesse for ein gamal klosterhage i Sør-Europa. Han tek med seg ein stikling heimanfrå Island, og er snart travelt oppteken med å fikse opp den  historiske rosehagen og samtale med pater Thomas. Presten får ei slags mentorrolle for den unge guten.

Så kjem mor til dottera hans på besøk, og ynskjer at han skal ta vare på dottera medan ho skriv ei større oppgåve i studiet sitt. Dette veltar om på livet hans, og han må finne seg til rette i rolla som far, og kanskje også som kjærast!

Språket er lett og elegant, og personane så nære det verkelege livet at det er som me står på utsida vindauget og ser inn i kvardagsdramaet, og alle lydar vert dempa av glaset mellom oss. Samtidig vert me også godt kjent med hovudpersonen sine bekymringar og kvardagstankar, og her er mykje ein kan kjenne seg att i!

Denne boka bør du unne deg å lese!

søndag 20. januar 2019

Overflod



det kjem veltande vatn
frå ei opa kjelde i det evige berget

straumar av
levande vatn
til tørste strupar

vatnet fyller landet
stig over føter kne magar hovud
til alle
(som vil)
kan leggje på svøm –




Joh 1,16: Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde.


Arto Paasilinna: De uhengte uslingenes urtehage

Kva får du om du set saman ein undercover politietterforskar, ein vakker urteekspert, ei streng mor, ein flygar med hang til kidnapping, ei kilometerdjup gruve som skjuler store hemmelegheiter, ein postpakke fylt med jord, femti stolne motorsyklar, ein grusam ektemann (som visstnok skal vere død), femten næringslivstoppar på tur til Montevideo og ein flåte på veg nedover ei ukjent elv? Då får du endå ein sprø roman frå Arto Paasilinna si hand!

Som vanleg er det berre fantasien som set grenser for Paasilinna si forteljing. Personane i seg sjølve er seriøse og fokuserte på sine ting, men situasjonane dei kjem ut for, både medvite og ved uhell, er både utrulege og komiske.

Paasilinna syr saman hendingane med sikker hand. For dei som likar forteljingane hans, vil "De uhengte uslingenes urtehage" føye seg inn i rekka av god lesing!

søndag 13. januar 2019

Inn i eit større rom



i dette rommet
er det eit usynleg lys,
alt då eg kom inn        kjende eg
usynlege strålar trengje gjennom
alle orda og alle blikka
utan at eg visste
kva det var

at i dette rommet, denne atmosfæren
av kjærleg omtanke
ligg ikkje stein på stein
utan at nokon har tenkt det,
som ein lyd eg kan høyre
utan å vite kor den kjem ifrå

så er det noko – mildt –
som grip meg        grip hjartet mitt
og held meg mjukt
mot eit større hjarte

og eg kan tømme orda mine ut
på dette golvet
framfor det eine Ordet
den eine Vinden, Auget som ser meg
Handa som ber meg
det nye Livet        
som no er i meg
fordi        Herren        lukkar meg inn
til denne heilage staden

og gir meg fred



Kol 1, 17: Han er før alt, og i han blir alt halde saman.

lørdag 12. januar 2019

Ingvild Burkey: Et underlig redskap

I boka "Et underlig redskap" kan me lese over femti ulike forteljingar. Somme skildrar enkelthendingar, og ber tydelege preg frå novellesjangeren. Andre forteljingar er meir komplekse, og den beste samanlikninga eg kan komme på, er puslespelbitar. Det er kortare eller lengre sekvensar, små bitar av levd liv, som er sett saman til ein heilskap. Nokre av forteljingane er lette å følge, andre er meir kompliserte og ikkje så lett å heile vegen finne samanhengen i.

Språket i boka er fullt av bilder og mange slags krumspring, og har henta mykje frå poesien. Lesaren må sjølv tolke tekstane og finne meininga bak, og for meg skjedde dette med varierande grad av hell. Her er mange forteljingar (dei fleste, vil eg seie) som eg fekk noko ut av, og som gav ei form for meining når siste setning var lest. Sidan eg skriv det slik, går det vel naturleg fram at det ikkje var alle forteljingane eg forstod eller klarte å tolke noko meining inn i også.

Det var litt utfordrande å komme inn i Burkey sitt univers, men etter kvart som språket kom litt meir "under huda", oppdaga eg eit mangfaldig og spennande, og også litt dystert, univers i forteljingane. Ønsker du litt utfordrding for tanken, og å fordjupe deg i eit landskap som gir noko til både hjarte og hjerne, vil eg anbefale å gi Ingvild Burkey si bok ein sjanse!


søndag 6. januar 2019

Kven eig meg?




kven eig meg –
ropar eg frå hustaket,
til spørsmålet fyller byen
og alle auge er retta mot meg
kven eig meg – nokon?

nei, eg ropar ikkje
eg kviskrar
bak stengde dører
og bankande puls
            kven eig meg

kven eig dette hjartet
som klamrar seg fast
til denne kroppen
dette rommet, alle tinga
eg ein gong må sleppe
til sjølve tida og verda
og ryktet – å ryktet, kor det formar
hjartebanken        og alt
vil ein gong renne vekk i sanden
forsvinne og for evig vere borte –

kven eig meg, kven skal eg ære
om ikkje han som strekk ut hendene
og løftar meg         ut av mørket
og inn
i lyset?





Joh 12,46: Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret.