lørdag 15. oktober 2011

Jesus - Herren

I dagens bibelord var det særleg eitt ord som slo meg. Ein liten detalj, som eigentleg ikkje er vesentleg for historia som vert fortalt, og eit ord som eg kjenner godt og vanlegvis kanskje ikkje legg så mykje merke til. Nemleg ordet: "Herren".

Jesus er i synagoga og underviser, og lækjer ei sjuk kvinne på sabbaten. Som jøde var nok det å vere i synagoga på sabbaten ikkje noko uvanleg, og som rabbi er det nok heller ikkje så oppsiktsvekkjande at han underviser.


Litt meir uvanlig, og provoserande for forstandaren i synagoga, er det at han lækjer ei sjuk kvinne. På sabbaten! Kviledagen! Ingen skal jobbe på kviledagen, og det å lækje ei sjuk kvinne er ikkje noko ein berre kan komme her og gjere på sabbaten. Andre dagar er ok, men ikkje i dag!

Det var altså ein ganske sterk reaksjon på det Jesus gjorde. Då kjem det som eg særleg beit meg merke i: "Hyklarar," svara Herren. HERREN! Tenk litt gjennom det ordet, kven er det som vert omtala som Herren? Er det ikkje Gud, den allmektige, skaparen av himmel og jord? Gjennom heile Bibelen møter vi Herren. Skaparen, utfriaren, den heilage som folk kneler og bøyer hovudet for. Også Jesus vert omtala som Herren. Jesus og Gud er ein. Jesus er den eine personen i den heilage treeininga.

Så kan vi sjå på det ironiske i dagens bibelhistorie: Herren, Gud sjølv, den jødane tilber og prisar, og samlast i synagoga for å lære om og tene, står der midt blant dei. Dei får undervisning av Gud sjølv! Og Gud sjølv, skaparen, lækjer ei av dei han har skapt, og som han har ein uendeleg kjærleik til. Ei av dei Gud ynskjer å ause sin nåde og kjærleik over. Korleis reagerar dei andre? Dei vert irriterte og sinte! Dei protesterar og ynskjer det ugjort. Dei talar i mot Gud sjølv! Dei som er der for å lære om Gud, avviser dei gjerningane Herren gjer midt iblant dei. Jesus var ikkje berre ein vanleg rabbi, han viste dei Guds ekte kjærleik, og kva han ynskte at dei skulle gjere mot sine medmenneske.

Skal vi gjere godt mot våre medmennesker? Ja. Også på kviledagen? Ja, om det så medfører at ein ikkje for noko kvile sjølv i det heile!

Å ikkje gjere godt mot andre, er hykleri. Eg er ein av dei hyklarane Jesus sette på plass i synagoga den dagen. Eg er ein av dei som har så uendeleg mykje å lære av Jesu ord og hans eksempel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar