søndag 23. oktober 2011

Å søkje tryggleik hos Gud

Men eg vert alltid verande hjå deg,
du har gripe mi høgre hand.

Du leier meg med ditt råd,

og sidan tek du meg opp i herlegdom.

Kven har eg elles i himmelen?

Når eg berre har deg,

har eg ikkje hug til noko på jorda.

Om kropp og sjel forgår,

er Gud for evig mitt berg og min del.

Sjå, dei som held seg borte frå deg,

går til grunne,

du gjer ende på alle som er utrue mot deg.

Men for meg er det godt å vera nær Gud.

Eg tek mi tilflukt til Herren.

Eg vil vitna om alle dine gjerningar
. (Sal 73, 23-28)

I sommar var son min og eg på fjelltur. Enkelte stadar var det vått og sleipt, andre stadar bratt og litt skummelt å gå. Då var det godt for femåringen å kunne ta pappa i handa og få hjelp, og nokre stadar bar eg han over og sette beina hans ned att på trygg grunn. Halvvegs nede frå fjellet, i eit parti der han trengte hjelp, sa han: ”Pappa, tenk om du no var komen heilt ned, og eg fortsatt var her oppe, og måtte gå ned aleine!” Eg forstod at dette var noko han hadde tenkt litt på, og kunne roe han med eit spørsmål: ”Trur du eg ville gått frå guten min?” Nei, det trudde han ikkje. Han gjekk vidare med litt lettare steg.

Salmisten har i dagens tekst sett ord på noko som er grunnleggjande viktig for oss alle, nemleg det å bli passa på, å kunne søkje tilflukt hos nokon som er større enn ein sjølv. Gud er ein god far, ein far som vil verne og beskytte. Du har gripe mi høgre hand, seier salmisten. Gud slepp oss ikkje, han går ikkje frå oss. Vi kan søkje tilflukt hos han og stole på at han er med oss.

Tenk deg at du møter to menneske på gata, ein kristen og ein ikkje-kristen. Før du har prata med dei og blitt kjent med dei, kan du då seie kven som trur og kven som ikkje trur? Det er veldig vanskeleg, ja beint fram umogleg. Likevel er det stor forskjell på desse to.

Begge er skapte av Gud, og han er glad i dei begge. Det er i så måte ingen forskjell på dei to, dei er like elska av Gud, og like mykje som han elskar dei, ynskjer han å leie dei og verne dei. Begge to gjer feil, begge to treng tilgjeving og frelse. Begge to vert eldre, og kroppen går mot øydelegging. Kva er då forskjellen? Den eine held ei hand som aldri sviktar, ei hand som held gjennom alle feilsteg, alle nederlag, alle gleder og alle sorger. Ei hand som held tvers gjennom døden og inn i Himmelen.

Har du gripe denne handa, og funne tryggleiken i Jesu nåde?

(Bilete frå worshippingchristian.org)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar