onsdag 29. november 2017

Det store alvoret - 1



Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.
    Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett! Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»  
(Luk 13, 22-30)

Dette er ikkje nokon enkel tekst å skulle seie noko kortfatta og fornuftig om. Jesus tek her opp det store alvoret med dei to moglege utgongane av livet, og temaet har blitt drøfta og tolka av både teologar og kunstnarar og vanlege lekmenn opp gjennom hundreåra. Eg kan ikkje i eit lite blogginnlegg komme med lange, teologiske utgreiingar om tema, eller gje att dei ulike haldningane og meiningane som har blitt uttrykt. Men eg kan peike på nokre ting som verkar å vere sjølvsagte for Jesus, og som dei kristne kyrkjene for det meste har vore einige om.

For det første verkar det som det er heilt sjølvsagt for Jesus å tenkje at det finst eit liv etter døden. Han snakka ofte om himmelriket, eller Guds rike. I mange av talane sine brukar han ein port eller ei dør som symbol på inngangen til dette riket, og han er klar på at det går an å møte ei stengt dør. I søndagsteksten møter vi nokre som bankar på denne døra, men døra vert ikkje opna. Dei vert altså ståande utanfor Guds rike.

Slike tekstar reiser ein del spørsmål, blant anna: Korleis er denne «verda» utanfor den stengte porten? Korleis kan ein god Gud halde menneske utanfor sitt rike? Eg vil ikkje prøve meg på nokre enkle svar på desse spørsmåla, for dei er verkeleg utfordrande for tanken. Dessutan er det bortimot umogleg for oss menneske å forstå kva det vil seie å vere allmektig, kva det vil seie å vere 100% god og kva det vil seie å vere 100% heilag. Gud er så mykje større enn mine tankar.

I møte med slike tekstar vil eg helst fokusere på denne porten eller døra som Jesus snakkar om, og kva som kjenneteiknar dei som faktisk kjem gjennom den. På slutten av teksten seier han at menneske skal komme frå alle himmelretningar, altså frå heile verda, og sitje til bords i hans rike. Der er altså mange som kjem gjennom døra.

Ein annan stad i Bibelen, i Joh 10, 9, seier Jesus at det er han som er porten. Døra inn til Guds rike er altså Jesus sjølv. Andre stader kan vi lese at den som trur på Jesus, og trur på hans død og oppstode, skal bli frelste. Når eg les teksten i Lukas, og les at dei må gå bort, dei som har gjort urett, tenkjer eg at den uretten dei har gjort er å ikkje tru på Jesus.

Konklusjonen min blir difor slik: Viss Jesus er døra inn til Guds rike, og eg kan gå gjennom denne døra ved å tru på Jesu oppstode, ja, då vil eg klynge meg til Jesus og hans kors. Då vil eg setje all mi lit til at han kan frelse meg gjennom forsoninga på korset på Golgata. Så lenge eg held fast i Jesus, treng eg ikkje fokusere på, eller frykte, den andre utgangen av livet. 


(Artikkelen vart først publisert i Suldalsposten 25.10.17)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar