eg bygde meg ein mur
av gull
edelsteinane blenka
på innsida
utsida kledde eg
med piggar av jern og mismot
så kom dei
alle desse svake svoltne små
og eg kan vel ikkje hjelpe alle
så eg drog for gardinene –
den natta lytta eg til ropa
som ikkje lenger var mange men eitt
og det var ikkje lenger spinkle ord
men eit løvebrøl
og eg kraup
saman på golvet
medan murane rasa;
eit lite barn steig fram
med djupe auge og fillete klede
og eg såg
det var meg sjølv
Ordt 14,31: Den som undertrykkjer den svake, håner hans skapar, den som hjelper den fattige, ærar Gud.