Språk er makt, og det å dekke over ting som er
ubehagelege ved å gje det nye namn er ein teknikk som mest truleg har blitt
brukt sidan tidenes morgon. Ta for eksempel Kain sitt aggressive svar, då Gud
spør kor broren er: “Er eg min brors vaktar?” Å framstille broren som svak, som
ein som treng vern og ein vaktar, og samtidig bedyre at det ikkje er eins eigen
jobb, var nok ein naturleg forsvarsmekanisme. Kain brukte språket i eit forsøk
på å vri seg unna si eiga skuld og Guds dom.
 |
| Kjelde: thomasberg.wordpress.com |
Meir nærliggande kan vi ta eit eksempel frå førre hundreår.
Tenk om nazistane på 1930-talet i Tyskland hadde sett inn denne annonsen i
avisene:
Massemord under planlegging!
I mange generasjonar har dei tyske jødane
tilført landet vårt sårt tiltrengt arbeidskraft, kunnskap og kvalitetsprodukt.
Kven har vel ikkje kjøpt skreddarsydde klede eller ei kvalitetsklokke frå ein
jøde? No vil vi ha slutt på denne praksisen. Ikkje fordi jødane har gjort noko
ulovleg eller er til sjenanse på nokon som helst måte, men fordi vi treng ein syndebukk
og nokon å ta ut vårt raseri på. Av den grunn ynskjer vi å audmjuke, torturere
og i siste omgang drepe alle jødar i Tyskland.
Vi håpar flest mogleg vil støtte oss i denne
aksjonen. I første omgang startar vi med å merke alle jødar med gul stjerne, og
det hadde vore fint om alle tyskarar som deler våre rasistiske synspunkt, kunne
begynne å spytte etter dei på gata og nekte dei arbeid eller tilgang til
butikkar og offentlege bygg.
Venleg helsing Heinrich Himmler
PS! Dette skal bli tidenes industrielle
massemord, folkens! Støtt opp om saka!
Det er ikkje sikkert at det hadde vore noko
sjakktrekk for antisemittane. Ord som rotter, svin og undermenneske fungerte
nok betre i kampen for å utrydde jødane. Det er altså eit forståeleg, om enn
tvers gjennom grusamt, trekk å bruke språket aktivt i krigføringa.
Då Tyskland vart fridd frå nazistane sitt styre i
1945, og dei grusame gjerningane kom fram i dagen, reagerte dei aller fleste,
naturleg nok, med sjokk og vantru. Spørsmål som “Korleis kunne dette skje?”
var, og er, ikkje uvanlege. Svaret på spørsmålet er blant anna korleis språket
vart brukt, korleis orda tåkela motiva til dei som styrte. I dag er det brei
semje om å ta avstand frå denne type retorikk.
På same måte som vist i eksempla over, er det
svært forståeleg at aborttilhengjarane av i dag fortsatt klyngjer seg til ord
og omgrep som “celleklump”, “embryo” og “ein del av mora sin kropp”. Det er
heilt naudsynt for å skape avstand til mennesket inne i magen. For kven ynskjer
vel å ta livet av eit barn?
 |
| Dette er ein spade! |
Med dagens teknologi, og den innsikta vi har i
fosterutviklinga, er det på høg tid at desse orda luskar stille ut bakdøra. Vi
veit for eksempel at hjartet til babyen byrjar å slå allereie etter tre veker, og
at alle organsystema er på plass åtte veker ut i svangerskapet. Vi veit også at
det ikkje skjer nokon store forvandlingar eller hokus-pokus inne i magen til
mora. Barnet utviklar seg gradvis, dag for dag, og vi kunne filma korleis
barnet veks frå under ein millimeter og opp til rundt 50 cm i løpet av berre 9
månadar. Barnet som kjem ut rundt termindatoen, og veks opp til å kanskje bli
ein rebelsk tenåring og etter kvart ein vaksen mann/kvinne med eigen jobb og
familie, er det same barnet som ligg inne i magen i veke 35, 25, 15, 5 og 1.
Det skjer ikkje noko bytte, der vert ikkje drege til side eit teppe rundt veke
12 og vips! der var det eit menneske! Nei, mennesket er der i veke 8 også.
Eg har heller ikkje sansen for argument som går på
at menneskebarn tidleg i svangerskapet, dei såkalla “embryo”, kan forvekslast
med ein gris eller ein apekatt, fordi “celleklumpane” er så like. Og ja, eg tek
poenget, for det er vanskeleg å sjå
forskjell. Likevel er det ikkje noko argument for å så tvil om livskvaliteten
til barnet i mors mage. Ingen kjem til ultralyd på sjukehuset og lurar på om
det er ein gris, ein apekatt eller eit menneske der inne! Så lenge det veks i
ei menneskemor sin mage, så er det då eit menneske og ingenting anna, same kva
det liknar på!
I dette blogginnlegget har eg brukt språket for å
fremje mitt eige syn på saka, blant anna ved å aktivt bruke hermeteikn rundt
kjente omgrep som eg meiner tilslørar menneskeverdet. Eg har eit mål med dette,
og eit stort ynskje: At vi skal begynne å kalle ein spade for ein spade. Kan vi
ikkje begynne å kalle menneska som veks i mors mage for nettopp det: Menneske?
|  |
|
| Mi yngste dotter, slik ho såg ut inne magen. Og bildet er av same person som eg no kan sjå og halde i hendene mine! |
|
|
|
|