“Kom og sjå!” sa Filip til Natanael,
så enkelt,
så likefram
og han
meinte det, var overtydd om at det faktisk var
noko å sjå,
viss han
kom, og Natanael kom
og såg
og vart
verande
og Filip, med
sine enkle ord
fekk ein
ven med på reisa
Eg ser på Filip og tenkjer: Her har eg mykje å lære
Eg ser på Filip og tenkjer: Her har eg mykje å lære
Og var det
ikkje til Filip dei gjekk,
grekarane som
gjerne ville sjå Jesus?
Var det
ikkje nettopp til denne enkle Galilearen dei kom
og sa: “Vi
vil sjå Jesus” og Filip, kva gjorde han då
anna enn å
gå til Jesus og seie frå
seie det
som det var, og sjølv om svaret han fekk var gåtefullt,
og ikkje så
enkelt å forstå
- for kven
kunne vel eigentleg forstå Jesus?
så gjorde han det han tykte var best
Eg ser på
Filip og tenkjer: Slik ynskjer eg også å gjere
Og det var
Filip som gjekk
då Herren
kalla han til vegen frå Jerusalem
så mykje
seinare, nesten eit liv seinare
kan det
verke
alt som
hadde skjedd, i betraktning
Han gjekk,
og vitna
La ut
Forklarte
Overtydde
Denne
mannen frå enkle kår i Galilea, eit vitne
Ja, eit
augevitne
Og villig
til å gå
Eg ser på Filip og tenkjer:
Slik ynskjer eg også å vere
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar