lørdag 27. april 2013

Jesus - Gud frelser


Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.
     Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine. Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg har vorte herleggjord gjennom dei. Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.
(Joh 17, 6-11)

I vår har vi vore veldig opptekne av namn heime hos meg. Ikkje så rart, kanskje, sidan vi har gått og venta på at dottera vår skulle bli fødd. Det er ikkje alltid så enkelt å bestemme seg for kva namn dei små skal få. Ein ynskjer at namnet skal passe, at det skal vere fint, at barnet skal like det og at det skal vere eit namn ho kan trivast med resten av livet sitt. Og så skal ein kanskje kalle opp nokon, eller ein har namn som ein likar ekstra godt og ynskjer å bruke. I tillegg er vi to som må bli einige.

Vi legg ikkje så stor vekt på tydinga av namn i dag. Kanskje vektar klangen tyngre, eller om det er eit namn ein har eit positivt forhold til. Vi knyter namn og person saman, og tillegg namnet dei eigenskapane vi finn hos personen som ber det.

I bibelteksten for denne helga kan vi lese litt av bøna Jesus bad for læresveinane, før dei gjekk ut i Getsemane-hagen, der han vart teken til fange og seinare korsfesta. I bøna seier han at han har “openberra ditt namn”, altså openberra Guds eige namn. Her er det mange aspekt å gripe tak i, men eg vil særleg sjå på to av desse:

For det første: Kva er Guds namn? Den mest kjente plassen i Bibelen der det vert omtala, er i 2. Mos 3,14. Moses spør etter namnet då han møtte Gud i den brennande tornebuska. “Eg er den eg er,” var svaret han fekk. Dette namnet, “Eg er,” vert brukt om Gud også seinare i Bibelen. Gud er den som er, den som eksisterer i seg sjølv og som ikkje er bunden av tid og rom. Han er uforanderlig. I Hebrearbrevet 13,8 vert det same namnet brukt om Jesus: “Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.” I Jesus møter vi den evige Gud, og den viktigaste openberringa har vi i Jesu oppstode frå døden. Jesus er, og eksisterer uavhengig av tid og rom. Døden kan ikkje halde på den som ikkje er bunden av naturlovene.

For det andre kan vi sjå på namnet Jesus, eller den arameiske forma Jeshua, eit namn engelen Gabriel fortalte Maria at ho skulle gje til barnet ho bar. Det er altså ikkje eit tilfeldig namneval, bestemt ut frå oppkalling eller kor godt ein likar klangen. Namnet seier noko om den som ber det, og Jeshua tyder “Gud frelser.” Når Jesus seier at han har openberra Guds namn, kan vi altså omskrive det til: “Eg har openberra Guds frelse.” I Jesu openbaring ser vi like inn i Guds eigen natur: Ein Gud som ynskjer å frelse menneska.

Mot slutten av bibelteksten ser vi at Jesus ber: “…hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.” Å verte kristen vil seie å gje livet sitt til Jesus, som har openberra Guds eige namn: Han som er evig, og som ynskjer å frelse. Vert vi haldne fast i Jesu namn, i “Gud frelser,” vert vi bundne saman til eitt folk, ein søskenflokk, som har erkjent sanninga i orda i Jesaja 45, 21b: “Det finst ingen annan gud enn eg [Gud], ingen annan rettferdig og frelsande Gud.”


(Skrive til spalta "Helgetankar", Suldalsposten 26.04)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar