tirsdag 16. april 2013

Språk er makt

Språk er makt, og det å dekke over ting som er ubehagelege ved å gje det nye namn er ein teknikk som mest truleg har blitt brukt sidan tidenes morgon. Ta for eksempel Kain sitt aggressive svar, då Gud spør kor broren er: “Er eg min brors vaktar?” Å framstille broren som svak, som ein som treng vern og ein vaktar, og samtidig bedyre at det ikkje er eins eigen jobb, var nok ein naturleg forsvarsmekanisme. Kain brukte språket i eit forsøk på å vri seg unna si eiga skuld og Guds dom.

Kjelde: thomasberg.wordpress.com
Meir nærliggande kan vi ta eit eksempel frå førre hundreår. Tenk om nazistane på 1930-talet i Tyskland hadde sett inn denne annonsen i avisene:

                Massemord under planlegging!

I mange generasjonar har dei tyske jødane tilført landet vårt sårt tiltrengt arbeidskraft, kunnskap og kvalitetsprodukt. Kven har vel ikkje kjøpt skreddarsydde klede eller ei kvalitetsklokke frå ein jøde? No vil vi ha slutt på denne praksisen. Ikkje fordi jødane har gjort noko ulovleg eller er til sjenanse på nokon som helst måte, men fordi vi treng ein syndebukk og nokon å ta ut vårt raseri på. Av den grunn ynskjer vi å audmjuke, torturere og i siste omgang drepe alle jødar i Tyskland.

Vi håpar flest mogleg vil støtte oss i denne aksjonen. I første omgang startar vi med å merke alle jødar med gul stjerne, og det hadde vore fint om alle tyskarar som deler våre rasistiske synspunkt, kunne begynne å spytte etter dei på gata og nekte dei arbeid eller tilgang til butikkar og offentlege bygg.

Venleg helsing Heinrich Himmler

PS! Dette skal bli tidenes industrielle massemord, folkens! Støtt opp om saka!

Det er ikkje sikkert at det hadde vore noko sjakktrekk for antisemittane. Ord som rotter, svin og undermenneske fungerte nok betre i kampen for å utrydde jødane. Det er altså eit forståeleg, om enn tvers gjennom grusamt, trekk å bruke språket aktivt i krigføringa.

Då Tyskland vart fridd frå nazistane sitt styre i 1945, og dei grusame gjerningane kom fram i dagen, reagerte dei aller fleste, naturleg nok, med sjokk og vantru. Spørsmål som “Korleis kunne dette skje?” var, og er, ikkje uvanlege. Svaret på spørsmålet er blant anna korleis språket vart brukt, korleis orda tåkela motiva til dei som styrte. I dag er det brei semje om å ta avstand frå denne type retorikk.

På same måte som vist i eksempla over, er det svært forståeleg at aborttilhengjarane av i dag fortsatt klyngjer seg til ord og omgrep som “celleklump”, “embryo” og “ein del av mora sin kropp”. Det er heilt naudsynt for å skape avstand til mennesket inne i magen. For kven ynskjer vel å ta livet av eit barn?

Dette er ein spade!
Med dagens teknologi, og den innsikta vi har i fosterutviklinga, er det på høg tid at desse orda luskar stille ut bakdøra. Vi veit for eksempel at hjartet til babyen byrjar å slå allereie etter tre veker, og at alle organsystema er på plass åtte veker ut i svangerskapet. Vi veit også at det ikkje skjer nokon store forvandlingar eller hokus-pokus inne i magen til mora. Barnet utviklar seg gradvis, dag for dag, og vi kunne filma korleis barnet veks frå under ein millimeter og opp til rundt 50 cm i løpet av berre 9 månadar. Barnet som kjem ut rundt termindatoen, og veks opp til å kanskje bli ein rebelsk tenåring og etter kvart ein vaksen mann/kvinne med eigen jobb og familie, er det same barnet som ligg inne i magen i veke 35, 25, 15, 5 og 1. Det skjer ikkje noko bytte, der vert ikkje drege til side eit teppe rundt veke 12 og vips! der var det eit menneske! Nei, mennesket er der i veke 8 også.

Eg har heller ikkje sansen for argument som går på at menneskebarn tidleg i svangerskapet, dei såkalla “embryo”, kan forvekslast med ein gris eller ein apekatt, fordi “celleklumpane” er så like. Og ja, eg tek poenget, for det er vanskeleg å sjå forskjell. Likevel er det ikkje noko argument for å så tvil om livskvaliteten til barnet i mors mage. Ingen kjem til ultralyd på sjukehuset og lurar på om det er ein gris, ein apekatt eller eit menneske der inne! Så lenge det veks i ei menneskemor sin mage, så er det då eit menneske og ingenting anna, same kva det liknar på!

I dette blogginnlegget har eg brukt språket for å fremje mitt eige syn på saka, blant anna ved å aktivt bruke hermeteikn rundt kjente omgrep som eg meiner tilslørar menneskeverdet. Eg har eit mål med dette, og eit stort ynskje: At vi skal begynne å kalle ein spade for ein spade. Kan vi ikkje begynne å kalle menneska som veks i mors mage for nettopp det: Menneske?




Mi yngste dotter, slik ho såg ut inne magen. Og bildet er av same person som eg no kan sjå og halde i hendene mine!


2 kommentarer:

  1. Ufattelig naivt. På grensen til skremmende. Hvis vi skal følge logikken din, er det best at vi alle slutter å runke. Tenke seg til hvor mange sønner og døtre som har gått med...

    SvarSlett
  2. Nåja, desse to situasjonane kan vel ikkje akkurat samanliknast. Sæd- og eggceller inneheld riktignok genetisk informasjon, men kvar for seg dannar dei ikkje grunnlag for liv og kan heller ikkje tilleggast verdi som menneskelege individ. Det blir som å rive av ei sårskorpe eller eit hår, og ikkje noko meir.

    I det dei to cellene smeltar saman er situasjonen ein annan. Då er heile den genetiske koden for mennesket på plass, og då eit heilt anna menneske enn kvinna det veks i. I løpet av svangerskapet vert det ikkje tilført noko meir informasjon til individet. Det einaste det treng, er næring og ein plass å vekse (som alle andre menneske, altså!)

    Du må gjerne kalle meg naiv, sjølv om eg set eit spørsmålsteikn ved ordet "skremmande". For kven? Det einaste eg ynskjer er at vi tek den logiske konsekvensen av kunnskapen vi har tileigna oss om barna si utvikling i mors liv. I dag veit vi heldigvis mykje meir enn dei gjorde i 1978, utan at den auka kunnskapen viser igjen i lovverket.

    Akkurat det er veldig synd.

    SvarSlett