Gjennom snøen og isen veks du oppTrassar frosten og kulda,
trassar lovene
som forbyr deg å komme.
Du er ein protest mot døden:
den kan ikkje halda på deg.
Du er den aller første blome,
Gjennom snøen og isen veks du oppEr du villig til å la vere å fordøme dine medmenneske? Er du villig til å fordøme synda og syndige handlingar?
Treng du også hjelp av Jesus til dette?

.jpg)
Korleis kan ein velje det rette? Skal eg svinge til høgre, venstre eller fortsette rett fram?
Heldigvis har vi ei god kartbok. Bibelen. Eg syns det er vanskeleg å velje rett, sjølv når eg les i den, men eg får i alle fall litt meir peiling på den rette vegen.
Og så får eg be Gud om å vise meg den rette vegen. Han plar svare i rette tid. Dessutan har vi også den flotte songen "Der det nye livet lever", som inneheld strofa: "Med heile verda som sitt mål, kan ingen gå seg vill." Vi er i Herrens hender, han leier dit han ser er best, og uansett kor i verda vi er, så kan Herren bruke oss i si teneste.
Min konklusjon vert difor: Eg les i Bibelen og ber, og stolar på at Gud leier meg dit han har bruk for meg og der den rette staden for meg er.
"Eg vender alltid mine augo mot Herren, for han dreg mine føter ut or garnet. Vend deg til meg og ver meg nådig, for eg er einsam og i naud." (Sal 25, 15-16)
oppgjeret der Gud kjenner oss rettferdige, skjedde medan vi endå var fiendar av Gud! Gud sat altså ikkje i himmelen og studerte jorda og tenkte: "Når menneska vender om til meg og ser at dei treng at eg frelser dei, DÅ skal eg komme til jorda og berge dei som trur på meg". Nei, Gud kom medan vi endå ikkje hadde nokon tanke om eiga frelse, medan trua på Gud var ikkje-eksisterande (for dei fleste), medan dei fleste ikkje ein gong visste at dei trengte Gud.