fredag 30. september 2011

Alternative tidsrekningar

Det etiske utvalet i BBC ynskjer at tidseininga BC (Before Christ) skal erstattast av BCE (Before Common Era). Grunnen er at ei tidsrekning knytta til Jesu fødsel kan vere diskriminerande for andre religionar. (VL-artikkel: Vil fjerne Kristi fødsel fra tidsregningen)

Først vil eg berre røpe (surprise!) at eg er ueinig i denne vurderinga. Mest fordi at tidsrekninga f.Kr og e.Kr er innarbeidde einingar, som dei fleste brukar utan å absolutt tenkje så mykje på Kristus når dei vert brukt. Eg kan ikkje heilt forstå at ein muslim skulle ha problem med å skrive 2011 AD (e.Kr.). Ok, dårleg eksempel, sidan muslimar ikkje akkurat er ueinige i at Jesus har levd. Kanskje det er betre å bruke humanetikarar som eksempel. Dei trur ikkje at Jesus har levd, men ei tidseining som e.Kr. er vel ikkje problematisk for dei fleste av dei heller?

Uansett om ein tek vekk eininga bak, så er talet fortsatt 2011, og det vil fortsatt referere til Jesu fødsel. Så viss "Common Era" begynte med Jesu fødsel, så kva var det som gjorde at den nye æraen begynte nett då? Som kristen veit eg svaret på det, men det er ikkje sikkert etikkrådet til BBC klarar å forsvare talet 2011 ut frå andre meir livssynsnøytrale grunnar (bortsett frå at det no ein gong er det talet vi er vane med).

Her er nokre forslag til andre tidsrekningar, som BBC kanskje kan ta opp til vurdering...:

2011 A.D =

år 66 atW (after the War)

år 945 aSB (after Stamford Bridge)

år 14 A.D (After Diana)

Eller kanskje vi kunne gå over til den muslimske kalenderen og seie vi lever i år 1432 (etter Muhammed si utvandring frå Mekka til Medina). Sidan det også er religiøst, er det kanskje ikkje nokon god ide det heller. Uansett trur eg ikkje at eg personleg ville hatt særlege problem med å skrive 1432 e.M., eller noko i den dur. Det er ganske ubestrideleg at Muhammed reiste frå Mekka for så lenge sidan, utan at eg meiner det er ei viktig nok hending til å forandre heile tidsrekninga vår.

Skulle vi fått det heilt presis, burde vi hatt ei tidsrekning som starta ved skapinga av Jorda. Problemet er berre at det ikkje finst eit einaste menneske på jorda som veit akkurat når det skjedde, og usemja om kor langt tilbake i tid ein skal gå ville blitt altfor stor.

Kanskje det igrunn er det beste at ting får vere som dei er?

Ole, Anno Domini 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar