mandag 19. september 2011

Ulv med hyrdestav

Ein av dei bloggane som eg les fast og som gir meg inspirasjon i kristenlivet, er Victoria Vik sin blogg. Nyleg hadde ho eit blogginnlegg med tittelen "Ulv i fåreklær", som vel må seiast å vere ein svært bibelsk metafor. Å møte menneske som kallar seg kristne, men som likevel lever og lærer slik at dei fører andre vekk frå Jesus, er ikkje noko hyggeleg. Mildt sagt.

Likevel er det noko eg fryktar endå meir, nemleg ulvar i hyrdeklede.


Når leiarar i kristne kyrkjer lærer slik at det blir sådd tvil om Guds stormakt, Guds kjærleik, Guds heilagdom eller frelsa i Jesus Kristus, då er det stor fare på ferde. Det er vel ingenting som gler Djevelen meir enn når kristne leiarar sviktar kallet sitt, og begynner å lære i strid med Guds ord. Det er problematisk for slike som meg, som er overbeviste om at Jesus er Sanninga med stor S og ynskjer å leve livet etter Guds vilje. Kor problematisk må det ikkje då vere for menneske som ikkje trur (endå), eller menneske som lever i randsona mellom tru og tvil, eller ferske kristne som endå ikkje har fått så "djupe røter"?

Det står i Bibelen (Jakob 3,1) at lærarar skal få ein strengare dom. Det er eit stort ansvar som kviler på skuldrene til dei som er prestar, forkynnarar og bibellærarar. Begynner dei med vranglære, får det så mykje større og verre konsekvensar enn om ein person kallar seg kristen utan å vere det.

For oss vanlege "fotfolk" er det ein ting som er viktig: Be for våre kristne leiarar, at dei må vere audmjuke tenarar for Gud, la seg leie av Den Heilag Ande og forkynne Guds ord slik det står i Bibelen, slik at vi kan lære å leve som kristne på rett måte. Og så må vi be om at Djevelen ikkje må få innpass i kristne forsamlingar, og takke for den utruleg djuptgripande og altomfattande nåden i Jesus Kristus!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar