søndag 4. september 2011

Det måtte jo skje

Omsider har regjeringa "endeleg" fjerna kontantstøtta for toåringar (VL-artikkel) Eg har venta på det i mange år, om ikkje akkurat med forventning, så i alle fall med ei rasjonell og rimeleg utført sannsynberekning.

Argument? - Fleire kvinner i arbeid, fleire innvandrarbarn får verdifull språkopplæring i barnehagen og eit meir likestilt arbeidsliv. I følge Audun Lysbakken. Ja, for så viktig er dette eine året i barnets liv, at det må for all del ikkje kastast vekk heime hos mamma og pappa. Og språk lærer det heller ikkje av å berre vere med foreldrene, så det er godt det får leike med jamnaldrande og lære skikkeleg språk.

Og eit meir likestilt arbeidsliv? Ja, mon det. Vi får i alle fall litt fleire personar ut i arbeid som eigentleg heller kunne tenkje seg å vere heime med borna sine. Hurra!

Vel vel. Som sagt, det kom ikkje som noko sjokk. Eit steg nærare den einsretta staten.

På den meir positive sida må jo nemnast at regjeringa samstundes aukar kontatstøtta for 1-åringar. Og det er positivt, for det kan medføre at fleire utset barnehagestart til toårsalderen. Her er eit heilt ekte og uironisk: Hurra!

Likevel: Hadde KrF fått bestemt, hadde kontantstøtta auka endå meir for eittåringar, pluss at toåringane hadde fått meir enn i dag, ikkje mindre. DET hadde medført større valfridom.

Eg er veldig for valfridom.

Utan at eg dermed har sagt noko om min politiske ståstad.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar