torsdag 22. september 2011

Ville vesten - akkurat som før

USA er eit merkeleg land. På den eine sida så er det ein storeksportør av kultur: Gode forfattarar, store filmar (og mindre store filmar...), flotte musikkartistar og ein og annan poet. Når eg tenkjer etter, må eg innrømme at dei fleste av mine favorittartistar er frå USA. Det er eit demokrati, og det er "mulighetenes land". Og dei fleste vest-europearar, til og med oss som er født nesten 40 år etter 2. verdskrigen, er takknemlege for den uvurderlege hjelpa USA gav i kampen mot nazismen, og støtta til gjenoppbygging av sønderskutte økonomiar og land.

Så det er ikkje ut frå forakt til landet eg skriv det neste her, det er meir som ei betraktning av noko eg ikkje heilt forstår.

For USA er jo for mange "it", draumelandet. Likevel har dei enormt mange fattige. Dei slit med høg arbeidsløyse, samstundes som millionar av rike amerikanarar lever i luksus. Dei har ikkje ein velfungerande velferdsstat, dei torer ikkje ta nok skatt av innbyggjarane sine og gjelda er på eit svimlande nivå.

I tillegg har dei ei historie prega av lovløyse ("Ville Vesten") og rasediskriminering. Slavehandelen blomstra på 1800-talet, og Jesse Owens følte seg meir diskriminert då han kom attende til USA, enn då han deltok under OL i nazi-regimet sin hovudstad Berlin. Ikkje ein gong hos nazistane måtte han bruke sideinngongen for å kome inn på hotellet, slik han måtte når han kom heim att til USA!

Likevel, trass i alle desse ufordelaktige sidene ved den amerikanske staten, er det to ting som forundrar meg meir enn noko anna:

1) At USA, som det einaste landet i FN i tillegg til Somalia, endå nektar å ratifisere barnekonvensjonen i fråsegna om menneskerettar. Kva er det for noko? USA og SOMALIA! Somalia, som deler ut våpen som premie til born i offentlege spørjekonkurransar (VL-artikkel), drep menneske som eig ein bibel og freistar å styre landet etter streng sharialovgivning.

2) Haldninga til dødsstraff. Mange statar tillet endå, i 2011, dødsstraff som straffemetode ved ekstra graverande brotsverk. Denne straffemetoden er no, heldigvis, heilt forbudt i Europa. Ikkje eit einaste europeisk land ynskjer å drepe sine forbrytarar. Europa fyljer med i tida, og har innsett det ekstremt inhumane i det å gjengjelde drap med drap. USA heng etter, saman med Kina, Saudi-Arabia og Iran. Godt selskap!


Eg er ein av dei som lot meg provosere over likvideringa av Osama bin Laden, og dag har eg igjen latt meg provosere. Denne gongen over drapet på Troy Davis, som vart dømt til døden for drapet på ein kvit politimann i 1989. Og denne dommen kom trass i svært manglande bevis, og 7 av 9 vitner har i ettertid trekt sine vitnemål tilbake! Likevel vart Davis avretta i natt. (Aftenposten-artikkel) Dette er eit enormt tilbakesteg for den amerikanske rettsstaten. Å dømme nokon utan bevis er ein forbrytelse i seg sjølv, og skulle det no vise seg at Troy Davis likevel ikkje var mordaren, er det ingen måte ein kan rette opp dommen på. Døden er endeleg og absolutt.

I same artikkel er Lawrence Brewer nemnt. Eit Ku Klux Klan-medlem som er dømt for eit mord han velvillig innrømmer å ha gjort, og som han slett ikkje angrar på. Han ville gjerne gjort det igjen. Også Brewer er henretta. Dermed er det to mordarar også i den saka, Brewer sjølv og delstaten Texas.

Også usympatiske personar som Brewer er menneske, og har vi menneske nokon rett til å leike Gud ovanfor kvarandre? Det er berre Gud som har rett til dømme over liv og død, og Guds veg, slik vi kan lese i Bibelen, er vegen til skafottet. Men det er ikkje menneska som må gå dit, han går der sjølv. Kor gjerne skulle vel ikkje Jesus heller ha blitt lagt i rep og drept med giftsprøyter, i staden for desse to mennene! Han som hatar urettferd, og ikkje toler synd. Han tek straffa sjølv, ofrar seg frivillig for dei menneska han har skapt.

Den amerikanske staten, representert ved domstolen i Texas, har no teke frå Brewer sjansen til å møte Jesus og få nåde for sine synder.

Om Davis var uskuldig eller ikkje, er det no berre Gud som veit. Og også dommarane i Georgia og Texas skal ein gong møte Gud. Korleis vil dei då forsvare drapet på to av Guds skapningar?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar